Rasar mot polarisering i media

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rasar mot polar- isering i media

“SV vil lovfeste rett til lærlingeplass. Et elendig forslag, RASER Høyre.” Slik byrjar Høgre-politikaren eit innlegg på bloggen sin.

– Skal det vere politisk kamp, så skal det vere politisk kamp. Dømet over er kanskje overdrive  — la oss kalle det eit mediedramaturgisk grep for å illustrere poenget — men eg har lenge irritert meg over media si opphausing av konflikter gjennom ei diskret snikinnføring av bestemte ord, skriv Røe Isaksen vidare.

– Det er som om media ikkje nøyer seg med at nokre er usamde. Politikarar må “ta eit oppgjer med”, “rase mot” eller “ta avstand frå”. Det gir sjølvsagt meir krut i debatten, men bidrar samstundes til at inntrykket av konflikt blir kunstig høgt, held han fram.

Lokka Siv på glattisen
Røe Isaksen viser til eit anna døme i gårsdagens VG.

– Siv Jensen har latt seg lokke ut på glattisen om Arbeiderpartiet og den svært forståelege sympatibølgja partiet har fått etter dei grusomme tragediene, skriv han og siterer avisa:

“Siv Jensen tar nå et oppgjør med sympatibølgen Ap opplever på meningsmålingene.

LES MEIR OM LOKALVALET!

– Jeg skjønner at veldig mange mennesker umiddelbart etterpå reagerer i affekt og er veldig følelsesladet i forhold til dette. Men jeg tror ingen ting på at det norske folk plutselig har blitt sosialister. Det handler egentlig bare om å få tilbake debatten som vi hadde før, sier Jensen.”.

Utspel?
– Ein ting er at uttalen om at heile Noreg ikkje er blitt sosialistisk, er gjentatt fleire gonger tidlegare, seinast i Dagbladet for to dagar sidan. Men legg merke til språkbruken: Siv Jensen “tar nå et oppgjør med”. Det gir eit inntrykk av at Jensen bevisst har planlagt dette utspelet akkurat nå, og ho trur — og håpar — ikkje bare at sympatibølgja vil leggje seg. Ho “tar et oppgjør” med bølgja. Det blir dermed implisert at Jensen er kritisk til både veljarane og sympatien dei viser, slår Torbjørn Røe Isaksen fast.

– Dette er den same logikken som gjer at uttaler til ein journalist som ringer blir “eit utspel”. Dei kallar det mediedramaturgi. Muleg det. Villeiande og unødig polarisarende er det like fullt, sluttar stortingsrepresentanten innlegget sitt.

LES SAKA PÅ LNK.NO!