Enorm gjevarglede blant unge

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Enorm gjevar- glede blant unge

– Dette er ein gledeleg overraskelse, seier styreleiar i Leger Utan Grenser, Kyrre Lind.

I juli og august har Leger Utan Grenser sett ei interessant utvikling i innsamlingsavdelingen. Det strøymer til med gåver frå unge menneske til Leger Utan Grenser, og i august var gjennomsnittsalderen på dei som gav pengar direkte til Afrikas Horn rundt 30 år.

– Eg har aldri før sett dette skei, siar Kyrre Lind, styreleiar i Leger Utan Grenser. – Det er svært rørande. Ungdomen reagerer på ernæringskrisen på Afrikas Horn og ynskjer å hjelpe.

Sjølv om Leger Utan Grenser ikkje har starta ein eigen innsamling til Afrikas Horn, har vi fått mange øremerkte gåver til katastrofearbeidet.

– Vi ser at det er ein fantastisk givervilje blant det norske folket, seier Kyrre. – Det er tydeleg at ungdom er meir engasjert enn nokon gong før.

Kolera spreier seg i kriseramma område
Situasjonen på Afrikas Horn er framleis kritisk. Sist fredag melde Verdas Helseorganisasjon (WHO) at det er brote ut koleraepidemi i dei svoltramma områda i Somalia.

Kring 12 millionar menneske er råka av svoltkatastrofen, som skal vera den verste på fleire tiår.