75. beste universitet i verda
Universitetet i Oslo 75. best i verda på internasjonal kåring.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Universitetet i Oslo hamna på 75. plass på Academic Ranking of World Universities for 2011, som vart offentleggjort måndag. Plasseringa er den same som i fjor.
Forskingsprestasjonar veg tungt i den prestisjetunge Shanghai-rangeringa. Mest positivt for UiO er ein auke i talet på internasjonalt publiserte artiklar frå 2.400 til 2.600 frå i fjor til i år, ifølgje ei pressemelding frå lærestaden.
UiO er godt nøgd med 75. plass på lista over verdas 100 beste universitet.
– Med dette resultatet plasserer UiO seg godt blant ein prosent av dei beste universiteta i verda, heiter det. (©NPK)