Professor Frank Aarebrot meiner forsøket med e-val bryt med prinsippet om hemmeleg val.

NPK/NTB og Framtida.no
NPK/NTB og Framtida.no

Han oppmodar difor veljarane om å boikotte forsøket med e-val.

– Hemmelege val er ein rett for borgarane og ei plikt for staten å ta vare på. Ved elektronisk røysting held ikkje staten denne lovnaden, seier Aarebrot til NRK.

Han viser til at prinsippet om hemmelege val er felt ned i menneskerettserklæringa til FN.

– Dersom Noreg av omsyn til geografi eller teknologi ønskjer å setje dette prinsippet til side, bør me heller ta initiativ til å få endra menneskerettserklæringa, meiner han.

LES MEIR OM LOKALVALET HER!

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) meiner prinsippet om hemmeleg val blir teken vare på.

– Veljarane kan gi frå seg si stemme fleire gonger og seinast i stemmelokalet på valdagen, seier ho.

Ho meiner me må våge å gjere slike forsøk for å få fleire til å ta del i val og trur internettval seinare blir det vanlege. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

ANNONSE