Vreid spelte for 20.000

Vreid ligg ikkje på latsida i sommar. Frå ein stor metalfestival går turen vidare til Øyafestivalen og seinare til ein hektisk turné i Nord-Amerika.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sommaren er festivalsesong for svartmetallbandet, der mange av medlemmene er frå Sogn. Nyleg stod dei på scena på verdas største metalfestival, Wacken Open Air i Tyskland.

– Me spelte for om lag 20.000 og er svært nøgde med konserten. Det var heilt supert. Det er den største festivalen for sjangeren, og er ein av dei største me har gjort så langt, seier bassist Jarle Kvåle.

Anna publikum
Laurdag skal Vreid spela på Øyafestivalen i Oslo.

– Me ser fram til det, for det er ein av dei viktigaste festivalane. Det blir utruleg moro å spela for eit litt anna publikum, seier Kvåle.

Vreid er no inne i ein av sine meir aktive periodar. Sommaren og hausten er tettpakka med festivalar og turné. I slutten av august startar bandet på ein rundtur i Nord-Amerika. Noko tilsvarande gjorde dei også i 2009. Vreid skal spela 17 konsertar på 17 dagar.

– Marknaden er veksande der borte, og USA er ein av våre hovudsatsingar, seier Kvåle.

Haustpause
Etter denne turneen blir det nokre månader med fri, før dei legg ut på ei noregsrunde på slutten av året og vitjar Russland i desember.

Vreid fekk svært gode kritikkar for si nyaste plate, og Kvåle ser at den ligg an til å bli det mestseljande albumet deira til no. Plata er sleppt i USA, og bandet vil og satsa i Russland. Og det stoppar ikkje der.

– India og Kina er land som ein no kan få gitt ut album i, og det byrjar å bli ein marknad, seier Kvåle.

Før turnéstart i Toronto 25. august skal Vreid også spela på Tysklands nest største metalfestival Summer Breeze 18. august, samt spela i Kongsberg 19. august.

LES SAKA I SOGN AVIS!