Bli med i den neste Madcon-videoen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du kan bli med i den neste Madcon- videoen

Madcon skal onsdag 10. august spele inn ei festscene ved fiskerikaia i Kalvåg i Bremanger, og dei treng mange statistar.

Gruppa oppmodar folk til å møte opp i festklede, skriv Firdaposten.

Madcon er kjend for monster-hit-ane « Beggin» og « Glow», og er i ferd med å erobre den internasjonale musikkmarknaden.

Videoen vil bli regissert av Bjørn Myreze frå Gozu Design, som tidlegare har arbeidd med Katie Melua, Datarock og Kaizers Orchestra.

Dei skal mellom anna byggje eit «Hello Bremanger»-skilt i ekte Hollywoodstil.

Bremanger har fått god reklame i tidlegare prosjekt i musikk- og filmbransjen, som til dømes musikkvideoen «Superkul med kniv» med rockebandet Yoga Fire, som vann spelemannspris, og spelefilmen «Hjelp, vi er russ». (©NPK).

Sjå den festelege videoen «Superkul med kniv» med Yoga Fire her:

Og viss du har lyst til å sjå den offisielle Glow-videoen frå Madcon, sjå her: