Cup er ikkje cup

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norway Cup, for eksempel, er eit slikt teikn. Kvart år. Vi som bur eller er på besøk i Oslo i Norway Cup-veka, ser stadig klynger av ungdommar i byen. Og det som slår meg, er at dei ser mykje meir sjølvsikre ut enn vi gjorde.

Sjølvtillit kan sjølvsagt vere negativt, for eksempel dersom ein tek veldig stor plass og lagar veldig mykje lyd og tek feil. Og Norway Cup-ungdommen er sjølvsagt også brautande og bråkete. Men det er då ærlig talt noko av poenget med å vere ungdom. Og dei slår meg altså også som meir sjølvsikre enn vi var, på ein positiv måte. Meir verdensvante.

Eg har sjølv deltatt i Norway Cup fleire gonger, og eg hugsar oss som ein engstelig fnisande flokk som blei imponerte over Burger King og elles held oss mykje på skulen der vi budde. Nesten alle minna mine frå Norway Cup er frå eit rotete klasserom fullt av soveposar og folk eg kjende frå før. For eksempel hugsar eg dei to som underheldt resten av laget med å synge heile den norske veldedigheitsklassikaren «Sammen, for livet» og imitere stemmene til alle artistane som var med. (Og ja, det var veldig mange artistar. Og ja, dette imponerer meg ganske mykje den dag i dag. Og ja, eg lurer på om mine gamle lagkameratar framleis kan dette, og underheld med det i førtiårslag og bryllup.)

No kan ein sjølvsagt med tyngd hevde at det var like greitt at vi held oss på skulen og ikkje var så mykje ute blant folk, slik som vi såg ut på håret. Men då er det viktig å hugse at på denne tida var det ingen som såg ut på håret. Bortsett frå dei som var skalla. Og dei forstod heller ikkje at dei var kule, den gongen.

Poenget er at vi ville ikkje vore sjølvsikre og verdensvante, sjølv om vi hadde sett bra ut. Ikkje som ungdommen i dag.

Dette har eg også tenkt på fleire gonger når eg var vore på besøk på vidaregåande skular. Det hender nemlig at norsklærarar, når dei blir skikkelig desperate, tek kontakt med meg og spør om eg kan tenke meg å komme til skulen deira og snakke med elevane om det å skrive og bruke språket. Lærarane ønsker seg naturligvis ein vel fortent fritime, og håper sannsynligvis også at elevane skal få ei eller anna slags aha-oppleving som gjer resten av årets norskundervisning overflødig, at elevane i løpet av førtifem minutt skal bli glade i litteratur og grammatikk, og så gå rett heim, kaste mobiltelefonane sine og begynne å lese Garborg. Dette har ikkje skjedd veldig ofte. Seks-sju gonger, maks.

Men det eg vil fram til er at mange elevar stiller spørsmål når eg er på besøk. Gode spørsmål, dumme spørsmål, rare spørsmål, morsomme spørsmål, usaklige spørsmål, vanskelige spørsmål. Ikkje alle elevane, sjølvsagt, men mange nok til å fortelje meg at det ikkje er like teitt å gripe ordet i ei forsamling som det ein gong var.

Dersom vi hadde besøk på skulen, var det nesten ingen som stilte spørsmål. Og dersom nokon gjorde det, så stønna resten av skulen. Dei einaste som stilte spørsmål, var klysene som ville ha gode karakterar. (Og ja, eg var ein av dei. Og ja eg beklager til alle i klassen.)

Eg innser at vår motvilje mot å stille spørsmål, kan ha hatt samanheng med kva slags folk som kom på besøk til skulen vår. Vi hadde ikkje besøk av komikarar, for å seie det sånn. Det skulle tatt seg ut. Om vi i det heile tatt fekk besøk, så var det nokon frå ein organisasjon som skulle fortelje oss noko fornuftig og i mange tilfelle heilt feil. For eksempel hugsar eg at ein mann frå mållaget ein gong var innom for å overtyde oss om at nynorsk er kult. Eg skriv sjølv nynorsk, og synest det er eit heilt greitt språk å uttrykke seg på medan vi ventar på at engelsk blir førstespråk. Men nynorsk er ikkje kult. Ikkje bokmål heller. Gult er kult, som alle på min alder veit. Og det finst tre-fire skikkelig kule artistar. Og det er i grunnen det. (Og ja, eg har tenkt tilbake på denne mållagsmannen når eg har vore på besøk på vidaregåande skular. Og ja, eg har tenkt «Å herregud, no har eg blitt han!» Og nei, det fortel oss sannsynligvis ikkje noko anna enn at ungdommen alltid vil vere kulare enn oss. Og no altså også meir sjølvsikre og verdensvante. Det kan ikkje vere feil.)

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 6. august.