Låtskrivar blir festspeldiktar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Låtskrivar blir festspel- diktar

Arne Moslåtten i Hellbillies blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2012.

– Eg ser det som ei stor ære, seier ein overraska Moslåtten. Han er den 19. forfattaren som er festspeldiktar, men det er første gongen ein songlyrikar får dette oppdraget. Dei nynorske festspela 2012 har “Songen” som tema. Festspela blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 28. juni til søndag 1. juli, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.
    
Festspel om songen
– Med Moslåtten som festspeldiktar gir vi songlyrikken den plassen denne dikte- og brukskunsten fortener i norsk litteratur, seier programansvarleg Åshild Widerøe i ei pressemelding. Dei nynorske festspela har tidlegare gjort det same med omsetjaren Tove Bakke og fleire barne- og ungdomsbokforfattarar.

– Moslåtten er ein framifrå vise- og songdiktar, song har gjort nynorsk og dialekt meir sjølvsagt, og songen spelar ei viktig rolle i samfunnet. Alt dette vil vise att i festspelprogrammet for 2012, seier Widerøe.

150 songar på dialekt og nynorsk
Festspeldiktaren ser ikkje på seg sjølv om nokon lyrikar og meiner han har meir felles med ein kryssordløysar. – Målet mitt er å få musikken til å verke i lag med språket, seier Moslåtten.

Arne Moslåtten er fødd i 1948. Musikklæraren frå Ål i Hallingdal har spelt i mange grupper og band, like frå han var 17 år gamal. I 1990 blei han med i Hellbillies. Moslåtten har signert alle Hellbillies-tekstane unnateke éin. Han har også skrive for artistar som Rita Eriksen og Olav Stedje, og han har gitt ut fleire bøker.

Til saman har Arne Moslåtten dikta og gjendikta om lag 150 viser og songar. I 2008 fekk han Edvardprisen for tekstane til Hellbillies-albumet “Spissrotgang”.  

Kva festspeldiktar Arne Moslåtten skal gjere under Dei nynorske festspela neste år, blir fastlagt utover hausten og vinteren.

– Publikum vil få både det dei ventar og noko som overraskar. Festspela blir ganske ulike frå år til år med så ulike festspeldiktarar som vi har, seier Åshild Widerøe.

Faktaboks

Les meir om Arne Moslåtten på Allkunne!

Festspeldiktarar 1994–2012
1994    Kjartan Fløgstad
1995    Halldis Moren Vesaas
1996    Paal-Helge Haugen
1997    Ragnar Hovland
1998    Jon Fosse
1999    Åse-Marie Nesse
2000    Rune Belsvik
2001    Brit Bildøen
2002    Einar Økland
2003     Marie Takvam
2004    Frode Grytten
2005    Edvard Hoem
2006    Olaug Nilssen
2007    Erna Osland
2008    Lars Amund Vaage
2009    Tove Bakke
2010    Rønnaug Kleiva
2011    Bjørn Sortland
2012     Arne Moslåtten