Stor interesse for norsk vasskraft

Men Noreg har ikkje behov for all krafta sjølv.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elve-Noreg blir finkjemma for meir kraft. 707 søknader om utbygging ligg til behandling i NVE. Kraftproduksjonen her i landet vil auke med 10 prosent dersom alle planane blir realisert.
Noreg er den sjette største produsenten av vasskraft i verda, og i eit normalår er produksjonen om lag 124 terawattimar (TWh). Søknadene som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har til behandling utgjer til saman ein produksjon på nærare 12 TWh, og nye søknader renn inn, skriv Nationen.

– Vi har auka bemanninga for å halde søkjarbunken nokolunde i sjakk, seier seksjonssjef Øystein Grundt i NVE.

– Ikkje behov for alt sjølv
Interessa for småkraftverk er hovudårsaka til pågangen. Det kjem delvis av at teknologien har vorte betre, men ifølgje Grundt er også viljen til å investere i kraftutbygging større enn før.

Naturvernarar og kraftutbyggjarar er likevel stort sett einige om at Noreg isolert sett ikkje har behov for all vasskrafta som kan produserast her i landet.

LES OGSÅ: Atomkraft kuttar norsk straumpris

– Men om vi skal bidra for å nå det samla behovet for fornybar energi i Europa må vi gjere noko, seier administrerande direktør Rein Husebø i Småkraft AS, ein av dei største aktørane i landet i småkraftmarknaden.

– Akutt krise
Han får full støtte frå fagrådgjevar Karl Kristensen i Bellona.

– Vi er i ei akutt krise. Overgangen til fornybar energi går altfor seint. Vi treng kraftutbygging og nye kraftlinjer for å få krafta fram til brukarane, seier Kristensen til Nationen. (©NPK)