Fyller bensinstasjon med musikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fyller bensin- stasjon med musikk

– Det er framleis nokre festivalpass igjen, så dersom nokon har lyst til å oppleve ein av Noregs mest eksklusive og fascinerande festivalar er det berre å kaste seg rundt og kome til Bøgrend, seier festivalsjef Asgaut Bakken.

Han byr på 17 artistar – blant dei Stein Torleif Bjella, Kråkesølv, Frida Ånnevik og El Cuero, og musikk som spenner frå rock og folkemusikk til jazz og elektronika. I tillegg blir det spelt musikk frå sveivegrammofonar, og heldt bingo, lokkast det med.

Bygda Bøgrend husar til vanleg rundt 70 innbyggjarar. Bensinstasjonen blei lagt ned for 10 år sidan, men opna igjen som konsertstad i nokre sommardagar for første gong i fjor.

– Vi ønskjer å gi folk musikk dei ikkje visste dei likte, på ein stad dei ikkje visste dei kom til å trivast. Å arrangere ein festival på ein bensinstasjon kan i utgangspunktet høyrest ut som eit påfunn, men sanninga er at verkstadhallane eignar seg svært godt for konsertbruk, seier Bakken.

Festivalstart er torsdag 4. august med ei minnemarkering etter hendingane på Utøya og i Oslo, der blant andre Ingebjørg Bratland held konsert. (©NPK)