Går for EM-gull på heimebane

Denne veka er jentene i Captura UB frå Hamar kandidatar til å vinne EM for ungdomsbedrifter i Oslo.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan dei fleste ungdomane nyt skuleferien, legg dagleg leiar Silje Engh Hulleberg og hennar fem kollegaer i Captura UB siste handa på verket. Denne veka skal jentene konkurrere mot dei bestet ungdomsbedriftene frå heile Europa. På NM gjorde dei nærast reint bord, og med EM på heimebane er det knytt ekstra store forventningar til jentene.

– Det er ikkje til å leggje skjul på at det har vore mykje arbeid, men vi har det utruleg gøy. Heile vegen frå Innlandsmessen i mars til EM no har vi hatt den same innstillingen: Vi går for gull!, siar Hulleberg.

Elevane i Captura UB går på medielinja på Hamar Katedralskole. Hovudproduktet deira er ungdomsmagasinet Inferno, som har kome i to utgjevingar dette skuleåret. Dei har skrive alle artiklane, teke alle bileta, gjort layout og stått for trykking sjølv. Magasinet har gått med overskot frå første utgjevinga, og responsen frå lesarane har vore kjempegod.

Dei beste av 30.000 ungdomsbedrifter
EM for Ungdomsbedrifter blir arrangert på Radisson Blu Plaza Hotell i Oslo 4.-7. august. Over 250.000 elevar i meir enn 30.000 Ungdomsbedrifter i Europa har kjempa om å kome til Oslo. Dei 34 finalistane har alle vorte kåra til dei beste i landa sine, og dei presenterer eit stort mangfald av produkt: Vitamintyggegummi, accessories av resirkulert avfall, ein parfymepenn og eit pedagogisk dataspill for born er blant forretningsideene.

– Alle finalistane har skapt framragande ungdomsbedrifter. Dette er læring for livet, og under EM får vi møte skaparane av framtida – ungdom som både vil, tør og kan. Dette treng både Europa og Noreg meir av, seier Anne Kathrine Slungård, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap i ei pressemelding.

Eit internasjonalt dommerpanel beståande av 10 jurymedlemmer skal kåre vinnaren av heiderstittelen Europas beste Ungdomsbedrift 2011. Elevane skal presentere føretaka sine på scenen, gjennomføre panelintervju med dommarane og vise fram føretaka sine på stand. Vinnaren blir kåra laurdag.

Mange støtteerklæringar
EM blir arrangert av Global Leaders Forum i Ungt Entreprenørskap, i tillegg til den verdsomspennade moderorganisasjon, JA Worldwide. Ferd og Johan H. Andresen har invitert sosiale entreprenørar frå heile verda til ein verdsomspennande konkurranse, og dei 6 finalistane skal kjempe om Ferd Award for Social Entrepreneurship. Totalt kjem meir enn 600 gjester frå 63 nasjonar til Oslo.

Ingen av gjestene har trekt seg som resultat av terrorhandlinga.

– Vi har motteke utruleg mange støtteerklæringar frå heile verda. Eg trur reaksjonen til styresmaktene og det norske folk har hausta stor respekt, og det er rørande at heller ikkje gjestene våre vil la terrorfrykt få hindre eit møte på tvers av kulturar og nasjonar, seier Anne Kathrine Slungård.