Sjå på meg! Eg tek avstand!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var vel ei bombe.

Vi som skriv i aviser i Noreg blir av og til skulda for å vere for lite kritiske til kvarandre. Det blir påstått at vi ikkje driv undersøkande og kritisk journalistikk mot kollegaer og konkurrentar. Det blir påstått at vi som skriv i aviser i Noreg er som eit laug, ein vennegjeng som passar på kvarandre og går i flokk.

Greitt nok.

Men det folk som seier slikt gjerne gløymer, det er at alle som skriv i aviser i Noreg er kjempeflinke. Og snille. Og seriøse. Og i motsetning til kritikarane, så veit eg faktisk kva eg snakkar om her, for eg kjenner alle andre som skriv i aviser i Noreg, og dei er skikkelig hyggelige, og det har dei vore heilt sidan vi alle studerte saman for ein del år sidan. Og dette er ikkje noko berre eg meiner. Alle som skriv i aviser i Noreg er enige om dette.

Men det betyr ikkje at vi lar vere å drive mediekritikk når det er på sin plass.

På ingen måte.

Berre følg med no:

Eg vil gjerne nytte dette høvet til å seie at dei greiene som har gått føre seg borti England, det er ikkje bra, altså.

Verkelig ikkje bra. Ikkje bra i det heile tatt. Veitdukva!

Ser du? Mediekritisk!

Eg tek faktisk skikkelig avstand frå alle desse greiene som skal ha skjedd borti denne engelske tabloidavisa som blei lagt ned. Og kanskje også i dei andre avisene som han griske gamlingen eig. Alt det der, det tek eg avstand frå, altså. Og det same gjer alle andre som skriv i aviser i Noreg. Og likevel påstår nokon at vi går i flokk?! Og likevel påstår nokon at vi ikkje kritiserer kvarandre?

Vi går ikkje av vegen for mediekritikk når det er alvor. Vi går ikkje av vegen for å kritisere kollegaer når det er på sin plass.

Sjølv om det også må understrekast at dei fleste engelske journalistar er kjempeflinke og ikkje har hatt noko med dette å gjere.

Men likevel: Her er det på sin plass med kritikk. Berre høyr kva det blir påstått at dei har drive med i avisene til han gamlingen borti England: Ulovlig avlytting. Dei skal ha brukt kriminelle for å få tilgang til Gordon Browns bankkontoinformasjon, og prøvd å skaffe seg tarvelige sladdernyheiter ved å hacke seg inn på telefonane til både vanlige menneske og engelske kjendisar eg knapt nok veit kven er.

Ikkje bra i det heile tatt. Ikkje noko av dette er bra. Det er faktisk dårlig.

Ulovlig avlytting, for eksempel. Det er eg imot. Det er faktisk ikkje lov.

Det same kan ein seie om korrupsjon.

Alt dette tek eg avstand frå.

Grotesk er det.

Fytti rakkern.

Tvi!

I det heile tatt: Kriminalitet synest eg ikkje ein skal drive med, dersom ein kan unngå det. Så mediekritisk vågar eg faktisk å vere. Eg tek avstand frå kriminalitet.

Og då tenker kanskje du: Det gjer vel alle. Det skulle vel berre mangle.

Kanskje. Men det er få som tek avstand frå kriminalitet i same grad som meg når eg først tek avstand. Det er ikkje måte på kor stor avstand eg tek frå kriminalitet. Dersom eg for eksempel er i eit rom og ser kriminalitet i eit hjørne av rommet, då går eg sporenstreks og stiller meg i det motsette hjørnet, så langt frå kriminaliteten som mulig. Eller eg går ut av rommet. Og ut av bygningen. Og tek taxi til stasjonen. Og tog til ein annan by. Og fly til eit anna land.

Så stor avstand tek eg frå kriminalitet.

Og – om det skulle vere nokon som helst slags tvil om det: Eg ville reagert på akkurat den same måten dersom dette handla om norske kollegaer i norske aviser.

Sjølvsagt ville eg det. Eg ville reagert med avsky, gisping og forferdelse om det blei avslørt at norske aviser brukte kriminelle for å få tilgang til Gordon Browns bankkontoinformasjon, eller prøvde å skaffe seg tarvelige sladdernyheiter ved å hacke seg inn på telefonane til engelske kjendisar eg knapt nok veit kven er.

Sjølvsagt.

Men på den andre sida: Kven skulle avslørt det?

Denne kommentaren stod først på trykk i Aftenposten.