Den unge saksofonisten Marius Neset frå Hordaland får Noregs største jazzstipend under Moldejazz.

Nynorsk Pressekontor
Nynorsk Pressekontor

Under festivalen onsdag vart det offentleggjort at Marius Neset frå Os kommune er årets JazZtipendiat. Juryen som har valt ut vinnaren, meiner saksofonisten har ein usedvanleg teknikk og tonekvalitet, kombinert med eit enormt rytmisk overskot.

Neset har femårig masterutdanning og toårig solistutdanning frå det Rytmiske Musikkonservatorium i København, der han også bur.

Stipendet gjev Neset ei moglegheit til å skape ein ny produksjon i samarbeid med Trondheim Jazzorkester, som så skal framførast for Moldejazz-festivalen neste år. Han spelar også laurdag på årets festival.

Det er SpareBank1, Midtnorsk Jazzsenter og Moldejazz som står bak stipendet. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

ANNONSE