Fanga av Sogn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Endeleg tilbake i Sogn. Veronika Harder er overtydd om at framtida hennar blir vestpå.

– Eg flyttar når eg har funne bygda og det er ikkje tull. Eg vil til Vestlandet, Oslo er triste greier, seier Veronika Harder som verkeleg får studert fjordfylket frå sykkelsetet.

Knirkefritt
Fire veninner har gjeve seg i kast med kongeriket på langs. Frå Nordkapp til Lindesnes. Kvartetten kom til Vik måndag.

– Fy flate for eit fylke, seier den muntre gjengen minuttar før den blytunge høgdetappen over Vikafjellet.– 1.000 meter over havet blir det høgaste me har vore på heile sykkelturen, men det skremmer ikkje oss, seier Ingunn Farstad.

– Kor langt er det frå Nordkapp til Vik?

– Ein augneblink … 2303,5 kilometer.

GPS’en til Farstad gir kontant og eksakt svar.

Me er litt såre i baken, men det går bra og me har unngått tekniske problem. Me storkosar oss!

Berre lekkert
Jentene studerte på høgskulen i Sogndal for fire-fem år sidan. Faget var idrett, tre av dei har mastergrad. Den fjerde ligg ikkje bakpå i studiane, Veronika Harder satsar vidare på realfag. Lektortittelen er innan rekkjevidde.

Sogn gjorde sterkt inntrykk på oss under studieopphaldet i Sogndal. Sjå fjorden og fjella. Det er berre så nydeleg, seier dei.

Andøya og Lyngsalpane gjorde inntrykk på turen sørover. Våtedalen i overgangen mellom Nordfjord og Sunnfjord blir også nemnt, samleis Gaularfjellet.

Framme måndag
Lengste etappen vart ekspedert på Senja med 14,5 mil. I går var Kvanndalen i Hardanger målet.

– Me må stogga på Voss for å møta kjende og er framme på Lindesnes i alle fall måndag, seier Marthe Aulie.

I går føremiddag låg jentene ei veke føre skjema. Overnattingane blir gjort i lavvoen pakka med i bagasjen.

Nokre overnattingar hjå vener har det blitt. Då er det godt med ei mjuk seng. Og ikkje minst å dusja og vaska klede, seier Veronika Harder.

LES SAKA I SOGN AVIS!