I sommar har Tyinholmen hotell installert 22 solcellepanel på hotelltaket. – Miljøvenleg og økonomisk, meiner hotelleigar Øystein Opdal.

Amalie Lereng/Sogn Avis
Amalie Lereng/Sogn Avis

1100 meter over havet er Tyinholmen den einaste turiststaden i landet som får dekt delar av straumforbruket sitt via solenergi. Satsinga er eit samarbeid mellom hotellet og solenergiprodusenten REC, som ønskjer å testa panela sine i ekstreme vêrtilhøve.

– Her oppe er det mykje vêr, så panela skal nok få køyrt seg, seier eigar av hotellet, og medarbeidar i REC, Øystein Opdal.

Særleg om vinteren vil det bli spennande å sjå korleis panela taklar temperatur, snø, lys og vind.

– Men det ikkje mange er klare over, er at jo kaldare det er, jo meir energi produserer panela. Sol og kjølig vêr er heilt optimalt. Då kan det bli produsert meir energi her enn på eit tilsvarande anlegg i Spania, fortel Opdal.

Viktig profilering
Det er fleire årsaker til at hotellet ønskjer å satsa på solcellene, og hotelleigaren legg ikkje skjul på at marknadsføring er ei av dei.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

– At det er miljøvenleg er sjølvsagt også ein viktig faktor, i tillegg til økonomi og straumprisar. Straum her oppe er ikkje billig om vinteren, seier han.

Dekkjer 20 prosent
Dei totalt 22 solcellepanela er forventa å produsera til saman mellom fem og seks kilowatt. Avhengig av årstid tilsvarar dette om lag 20 prosent av forbruket til hotellet.

– Dessutan har me ei positiv tone med Vang Energiverk. I framtida kan del bli aktuelt å overføra straumen me ikkje brukar sjølve over på det offentlege straumnettverket. Det vil hotellet få betalt for, fortel Opdal, som er open for å utvida prosjektet dersom det blir ein suksess.

Saknar stønad
I Noreg i dag finst det ingen støtteordningar for dei som ønskjer å starta opp med solenergi. Med tanke på kor mykje det blir snakka om fornybar energi, overraskar mangelen Opdal stort.

– Me har måtta importera delane til anlegget frå Tyskland. Me har heller ikkje fått hjelp til monteringa, for her i Noreg er det få med slik kompetanse. Det har eg måtta gjort sjølv. Ein må vera personleg interessert i solenergi skal ein få installert eit slikt anlegg, seier han, men har likevel trua på at solenergi kan vera framtida.

– Men då er me avhengige av gode vegvisarar og at nokon vågar å satsa, slik som oss. Prisane på solpanel er på veg nedover, medan straumprisane går oppover. Solenergi er svært så vanleg i andre europeiske land, så kvifor ikkje i Noreg, legg han til.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

Kommentarar

ANNONSE