Ekspertar er rørebukkar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sakprosa
Dan Gardner:
Future Babble. Why Expert Predictions Fail and Why We Belive Them Anyway
Virgin, London, 2010

«Di lenger bak i historia du ser», sa hobbyhistorikaren Winston Churchill, «di lenger inn i framtida kan du sjå». Den kanadiske journalisten Dan Gardner er usamd. Det er lett å forstå kvifor. Idet du les dette, grip tak i ei næringslivsavis eller gå inn på økonominettstaden E24. Som du vil sjå, handlar dei fleste artiklane om kva som kjem til å henda med oljeprisen, aksjeprisane, obligasjonsrenta og så bortetter. Menneska som kjem med desse spådomane, vert kalla ekspertar av dei ymse journalistane som skriv artiklane. Ekspertane viser til kva som har hendt før, og difor, seier dei, kan dei føresjå kva som kjem til å skje i framtida.

Dette har eg alltid tykt har vore artig. Om nokon kan sjå inn i framtida og fortelja kva aksjar som går opp eller ned, kvifor fortel vedkomande det til meg og deg? Kvifor held han ikkje kjeft og tek pengane sjølv? For tenk om alle gjer som han seier, då vert vel alle svært rike? Og om alle er svært rike, er i grunnen ingen svært rike.

Den skitne løyndomen er at dei som kjem med desse spådomane, veit at spådomane deira ikkje er mykje verde, men dei seier det dei seier for å få reklame. Når vanlege folk skal investera, går dei nemleg til desse andleta og institusjonane som desse andleta representerer. For slik er vi menneske, vi trur på ekspertane, og vi gjev sparepeng-ane våre til dei vi kjenner frå media, kan Gardner, som vil ha oss til å slutta å lytta til ekspertar, fortelja.

Ting held fram som før
I 2007 publiserte økonomane Ron Alquist og Lutz Killian ein artikkel om oljeprisane. I arbeidet med artikkelen hadde dei nytta dei beste modellane, dei hadde sett på «futurs»-marknaden (veddemål om kva prisen vert i framtida), dei hadde henta inn opplysningar frå dei fremste olje-analytikarane, dei hadde arbeidt hardt og vel. Så såg dei korleis det gjekk. Dei fann ut at alle kunne gjera det betre enn dei som analyserte oljeprisane ved å nytta éin enkel regel: Gå alltid ut ifrå at oljeprisen i framtida vert den same som det han er i dag. Det er rett nok ikkje ein spesielt god regel, det forstår vi alle sidan vi alle har opplevt at bensinprisen går opp og ned kvar einaste dag, men alle andre reglar og spådomar er mykje verre.

Funna var på ingen måte overraskande. Eit heilt vanleg eksperiment dei som likar å gjera narr av aksjeanalytikar, plar ha stor glede av, er å gje apekattar høve til å plukka ut aksjar. Apekattane gjer det alltid betre enn eit tverrsnitt av aksjeanalytikarane. The Economist spurde ein gong nokre tidlegare finansministrar, nokre ekspertar og nokre båsmenn i London om kva som kom til å skje med ymse økonomiske storleikar i framtida; de veit alt svaret på kven som gjorde det best.

Reven er lurast
Men er det verkeleg slik at det ikkje finst nokon som er betre enn andre til å spå om framtida? Ikkje heilt. Filosofen Isaiah Berlin sette opp det vidgjetne skilet mellom reven og piggsvinet. Han lånte biletet frå den greske poeten Arkhilokhos som skreiv: «Reven veit mangt om mykje, men piggsvinet veit éin stor ting.» Den typiske reven er journalisten, globalhistorikaren, den breie lesaren. Det typiske piggsvinet er han som seier at jorda går til helvete, at dette og dette heilt sikker kjem til å henda, altså aviskommentatoren, eksperten som seier ja til å verta intervjua på fjernsynet, og presten som fortel at domedag er nær. Reven er usikker og har mange utgangar, piggsvinet rullar seg saman og vert verande.

I 1985 byrja psykologen Philip Tetlock å intervjua 284 ekspertar på politikk og økonomi. Han intervjua dei gjennom mange år, han og gruppa hans samla inn 27.450 spådomar. Etter kvart som åra gjekk, byrja han å sjekka. Revane vann overlege. Dei som tok atterhald, dei som sa at dette, men også dette kunne henda, dei som tok seg best tid og hadde flest innfallsvinklar, var enkelt og greitt så langt føre dei sjølv-sikre og påståelege at det var nær tragikomisk. Og di meir ideologisk og di meir sikre og di meir kjende «ekspertane» var, di verre gjorde dei det.
Men trist nok: Samanlikna ein ekspertane, både revane og piggsvina, med utfallet av tilfellelege gissingar og loddtrekkingar, så gjorde tilfellet det langt betre. Og kontrollert opp mot regelen om at ein alltid skal spå at alt held fram som før, knuste regelen om at alt held fram som før, alt anna.

Maktar ikkje det usikre
Kvifor høyrer vi likevel på eksperten? Og kvifor vel vi alltid å lytta til piggsvinet framfor reven? For det gjer vi faktisk. Av di vi menneske mislikar det usikre intenst. Fleire eksperiment syner at vi heller vil ha ein ekspert som seier at framtida vert verre enn notida, enn ein ekspert som seier at det i framtida både kan gå godt og dårleg. Om vi påfører eit menneske smerte etter eit tilfelleleg mynster, vert dette mennesket svært ulukkeleg og stressa. Får derimot det same mennesket den same smerta, men etter eit fast mynster, handterer vedkomande det utan større problem.

Boka til Gardner er eit funn for alle oss som likar å flira av Øystein Spetalen og andre påfuglar. Men Gardner går likevel for langt og er for smalspora. Han er for oppteken av dei konkrete spådomane og for lite av langsiktige trendar. Menneske, og for den del økonomar, veit ein god del om framtida. Det var til dømes rett av Jens Stoltenberg å gjennomføra ei pensjonsreform. Det kan vera at fødselstala i Noreg går kraftig opp, og at vi dimed ikkje får ei eldrebylgje. Men lite tyder på at norske kvinner straks byrjar å få tre i staden for to born. Stoltenberg hadde ikkje eit anna val, å ignorera eldrebylgja ville ha vore uansvarleg.

Det er òg slik at den kinesiske økonomien ikkje kan halda fram med å veksa med 10 prosent i året. Det er fullstendig usannsynleg at Kina skal fordobla økonomien kvart sjuande år i all æve. Lista over slik døme kan gjerast lang. Gardner vel i det store og heile å ignorera slikt. Men det er forståeleg. Bøker som seier at ekspertar er idiotar, og at vi ikkje skal lytta til dei, sel betre enn bøker som seier at ein del ting kan vi seia nokså mykje om, medan vi kan seia mindre om anna. I så måte er Gardner sjølv eit piggsvin.

Les saka i Dag og Tid!