– Kjempa for røysteretten

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kjempa for røyste- retten

Ungdomsutvalget i Porsgrunn har vore ein av pådrivarane, for å få til ei prøveordning med røysterett for 16- og 17-åringane. Med motargument om at dei er umodne og ikkje er myndige, har dei god tru på valet.

Nei, nei, nei
– Vi byrja jobbe for røysterett for 16- og 17 åringane i 2006, fortel tidligare leiar i ungdomsutvalet, Tina Amundsen.

– For oss var det ei naturleg vidareutvikling av ungdomsdemokratiet i byen elles.

LES OGSÅ: – Ikkje ver for frekk og opprørsk

Ho fortel at lokalpolitikarane i Porsgrunn, og Telemarksbenken på Stortinget vart meir og meir positive etter kvart.

– Prøveprosjekt med røysterett vart handsame på Stortinget fleire gonger med negativt utfall, men det var utruleg morosamt den dagen vi fikk beskjeden om at det skulle verte eit slikt prøveprosjekt, held Amundsen fram.

Omstridt
– Prøveprosjektet er eit resultat av Stortingsmelding nr. 33, som igjen bygger på innstilling frå lokaldemokratiutvalet, fortel statssekretær i regional- og kommunaldepartementet, Dag-Henrik Sandbakken.

Målet åt departementet og dåverande minister Magnhild Meltveit Kleppa, var å skape auka politisk engasjement blant dei yngste veljarane.

QUIZ: Kva veit du om lokaldemokratiet?

– Forslaget var jo omstridt, for sjølv om 16- og 17-åringar har ein del rettar og pliktar i samfunnet, så er dei jo ikkje myndige. Vi meinte likevel det var riktig å sette i gong med eit slikt forsøk, forklarer Sandbakken.

Han understrekar at det å engasjere fyrstegongsveljarane er viktig for deira valdeltaking vidare.

– Det var mange større og mindre gruppe som arbeida for å få til denne prøveordninga, deriblant Barneombodet, avsluttar Sandbakken.

Ei av prøvekommunane
I dag er Porsgrunn ei av 20 forsøkskommune. Avtroppande leiar i Ungdomsutvalget i Porsgrunn, Oda Hestvik, trur dei er godt førebudd.

– Ordføraren har allereie vitja alle ungdomsskulane og Porsgrunn Vidregående, og det verkar som folk ungdommen er veldig positive, fortel Hestvik. Ho meiner ungdommane treng tidleg innføring, nok oversikt og god kunnskap, for å vere rusta til å røyste.

Motbør
Oda Hestvik føler ungdom i Porsgrunn har møtt motbør frå foreldregenerasjonen og andre i den eldre garde. – Dei seier at vi kjem til å støtte kandidatane som arbeider for ungdomssaker, men det same kan jo vi seie om dei, utdjupar ho.

– Folk seier anten at aldersgruppa ikkje er modne nok, eller understrekar at dei ikkje er myndige. Men det er alle motargumenta dei har, fortel tidligare leiar i utvalet, Tina Amundsen. Ho understrekar at folk kan verte straffa før dei er 18, og at dei ikkje kan kjøpe sprit før dei er 20.

LES SISTE NYTT OM LOKALVALET 2011!

Ungdomsutvalget i Porsgrunn har likt godt å arbeide for røysterett ved kommune- og fylkestingsvalet.

– Kanskje kjem ungdomsutvalet til å prøve å få til ei prøveordning med røysterett til stortingsvalet og, avsluttar Oda Hestvik.

Faktaboks

Til hausten får 16- og 17-åringane i lokalstyret i Longyearbyen og 20 kommunar i Noreg stemma i kommunevalet, i eit forsøk for å få fleire av førstegangsveljarane til å nytta seg av stemmeretten sin.