Det er ferietid. Som alle andre som skriv i aviser, så kjenner også eg eit ansvar for å fortelje deg at det kan gå skikkelig til helvete i ferien.

mm

Som du utvilsamt har lese andre stader, så kan det bli uvêr, flystreik, vulkanutbrot, overbooking eller skilsmisse. Du kan også velje feil solkrem, grillkol, tennveske eller reisemål og øydelegge huda, maten, håret, familien, humøret eller økonomien, eller alt på ein gong.

Og då har du ikkje eingong snakka med nokon enno.

Og det er då det verkelig kan skjere seg.

Derfor får du her den ultimate guiden til ting du ikkje bør seie til folk i ferien.
 
Ting du ikkje bør seie til sidemannen på flyet:
– Om eg får det som eg vil, så kjem ikkje dette flyet til å lande der du trur det skal lande.
– Er det greitt for deg å stå? Eg har ein pose eg kunne tenke meg å ha i nabosetet.
– Det er ein lang flytur. Kva seier du, skal vi ta ein grundig gjennomgang av kva vi kan vente oss av den norske kommunevalkampen? Vi kan begynne med Senterpartiet i Finnmark og så jobbe oss sørover.

Ting du ikkje bør seie viss du er på ferie i Hellas:
– Eg trur eg lar vere å betale for dette måltidet. Eg trur ikkje det er ein god idé å gi deg pengar. Du er jo greker, og eg har høyrt at grekarar ikkje er så flinke med pengar.
– Eg høyrer økonomien går i dass her nede fordi folk her er late og korrupte, stemmer det?
– Behald resten, du treng det meir enn meg.
– Behald resten, eg kjem frå Norge. Vi har olje. De har krise. Vi har alle vårt.
– Behald resten, eg klarer likevel ikkje bruke opp alle pengane eg får av staten vår.
– Nei, no skal eg slutte å tøyse med finanskrisa. La oss heller snakke om den norske kommunevalkampen. Vi kan begynne i Finnmark og så jobbe oss sørover.

Ting du ikkje bør seie viss du er på campingferie:
– Er det ingen hotell her?
– Blir de med bort i vogna vår for å diskutere korleis vi kan innføre det sosialistiske samfunnet i Norge?
– Unnskyld, men den grill-lukta er faktisk veldig sjenerande.
– Eg blir krenka av nakne kne. Må du gå i shorts heile tida?
– Du er klar over at sånn mat er usunn?
– Skal vi ta oss eit vegetarmåltid og snakke om kommunevalkampen?

Ting du ikkje bør seie viss du er på ferie i Nord-Norge:
– Fy faen kor teite de såg ut då de stod på tv og vinka til Hurtigruta. Folk i Oslo ville aldri finne på å dumme seg ut slik.
– Eg er glad eg ikkje skal stemme her i kommunevalet i år. Her stemmer sikkert folk på politikarar som vinkar til båtar. Eller på fiskarar.

Ting du ikkje bør seie viss du er på ferie i Frankrike:
– Er det nokon gode engelske restaurantar her i byen? Eg skulle så gjerne hatt meg noko skikkelig mat.
– Kvifor snakkar du så rart?
– Tour de kvafornokosadu?
– Drit i det, la oss heller snakke om den norske kommunevalkampen.

Ting du ikkje bør seie viss du er på ferie i Danmark:
– Kvifor snakkar du så rart? Du snakkar endå rarare enn dei snakka i Frankrike.

Ting du ikkje bør seie viss du er på festival i ferien:
– Unnskyld, eg må nesten få sleppe å stå i kø. Eg er veldig tørst, nemlig.
– Er det nødvendig å spele så høgt?
– Unnskyld, eg må nesten få sleppe å stå i kø. Eg må veldig tisse, nemlig.
– Nei, musikk er kjedelig. La oss heller dra bort på campingplassen og more oss med å klage på grill-lukta.
– Bra musikk, men kvifor er det ingen som har tekstar om den norske kommunevalkampen?

Sånn. Då er det greitt. Då kan ingenting gå gale. Bortsett frå alt det andre som kan gå gale, sjølvsagt. God ferie.

Denne kommentaren stod først på trykk i Aftenposten.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

Kommentarar

ANNONSE