Røde Kors: – Vis festivalvett i sommar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik får du ein bra festival

Søndag døydde ei tysk kvinne etter å ha falle ned frå eit 35 meter høgt tårn på Roskilde-festivalen. Røde Kors ønskjer å hindre liknande ulukker i Noreg, og oppmodar publikum til å vise festivalvett.

– Det skal så lite til for å hindre ulukker, utan at det legg ein dempar på festivalhumøret. Råda er enkle, men me ser år etter år at dei lett går i gløymeboka når festivalen er i gang, seier landsrådsleiar Jahn Petter Berntsen i Røde Kors Hjelpekorps på organisasjonen si nettside.

Han kan fortelje at småskadar, kutt og gnagsår, dehydrering, solbrend hud og skadar ved alkoholinntak, er dei vanlegaste skadane på festivalar.

Røde Kors minner difor om dei ti festivalreglane:

  • Unngå heiteslag – drikk nok vatn
  • Skjerm deg mot sola
  • Pass deg for insekt
  • Vis badevett
  • Pass på grillen
  • Ta vare på hørsla
  • Drikk med måte
  • Bruk kondom
  • Sei ifrå
  • Nyt Festivalen

SKAL DU PÅ FESTIVAL I SOMMAR?