Halvor (17), Askild (18) og Håkon (17) Nerheim er brør både i blodet og bak rattet. Dei tre unge karane på Tjøstheim likar seg så godt med maskindrift at dei nå har oppretta sitt eige firma.

Marita Ims/Suldalsposten
Marita Ims/Suldalsposten

Ideen om å bli sine eigne sjefar dukka opp under ein sommarjobb i 2008. Håkon, Halvor og Askild kjende seg heime i dei store anleggsmaskinane, som blei brukte ved utbygginga av Mosbakka Kraftverk i Sauda. Prøvekjøringa gav meirsmak, og investering i eigne maskinar skulle bli ein realitet.

Allsidig arbeid
Dei var ikkje lenge om å oppretta Br. Nerheim Maskin og tek i dag fleire og varierte oppdrag. Hovudsatsinga om sommaren er rundballepressing og gravearbeid. Vinterstid er dei ikkje seine om å brøyta vegen, eller fella skog. Noko av utstyret dei treng, har dei allereie på plass. Nyleg investerte brødrene i ei flunke ny rundballepresse. Gravemaskina har dei overteke frå far, som løn for alt arbeid dei har unnagjort på garden. Likevel har dei på sikt, eit mål om å oppgradera utstyrsparken, fortel dei.

Hektisk kvardag
Gutane har mange jarn i elden når det kjem til gardsarbeid, noko som ikkje er like enkelt å koordinera med skulearbeid.

– Eg ser på karakterane at me skulle ha brukt meir tid på skulearbeid, innrømmer Håkon. Dei to brørne nikkar til broren, men forsøkjer å skjula eit lite glis bak mors vaflar på kjøkkenbordet.

Håkon og Halvor på 17 år er yngst, og Askild ser på seg sjølv som sjefen då han er eitt år eldre enn tvillingbrørne sine. Dei neste to åra gjenstår fullføring av skule og lærlingarbeid, før dei satsar endå meir på verksemda. Det vil dermed vera på ettermiddagar og i helger dei kan ta på seg arbeidsoppdrag, før dei kan leggja skulebøkene på hylla.

LES SAKA I SULDALSPOSTEN

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31
ANNONSE