Slik unngår du mobilsjokk etter utanlandsferien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unngå mobil- sjokk i ferien

Skrekkhistoriene er mange. Etter ferien har godtruande og intetanande utanlandsferierande kome heim for å oppdage ei megarekning frå mobiloperatøren. Kva gjer dei feil?

– Folk gløymer at dei fleste mobilar også er små datamaskiner som gjer langt meir enn å ringe. Det er nettopp databruken som kostar når ein er i utlandet, fortel Mathieu Veulemans i Forbrukar Europa.

Forbrukar Europa er eit nettverk av forbrukarkontor over heile Europa. Oppgåva er å hjelpe forbrukarar som handlar i andre land, blant anna ved å mekle og hjelpe til å få saka prøvd i seljaren sitt land.

– I tillegg gir vi nettopp råd om korleis ein kan halde forbruket nede, seier Veulemans.

Miniprogram
Ein moderne smarttelefon er ein multimediemaskin. Den er gjerne full av appar og widgets, eller små program som kan stå og gå i bakgrunnen utan at ein faktisk tenkjer over det, som til dømes å sjekke vêret.

Med appar som strøymer musikk, som til dømes Spotify, kan rekninga fort skyte i vêret. Ein 16-åring fekk rekning på 40.000 etter ein ferie i Israel. Forklaringa var at han hadde brukt musikktenesta Spotify. Videostrøyming er endå verre.

Trådlaust nett
Skal ein lese norske nettaviser, sjekke e-post, høyre nettradio eller sjå video, så legg det til eit kafébesøk der ein har trådlaust nettverk. Dette er gjerne gratis. Eller gjer det på hotellet. Dei fleste hotell har trådlaust nett, og passord får ein i resepsjonen.

Er ein absolutt i beit og berre MÅ sjekke e-posten, så gjer det medvite. Då slår du på funksjonen som heiter dataroaming og som altså opnar for dyrebar datatrafikk. Denne funksjonen bør elles vere kontinuerleg avslått.

Plukk fram den gamle
Vel du å reise med dataroaming påslått, kan det lønne seg å stille på telefonen på manuell henting av e-post. Det vil seie at telefonen berre hentar e-post når du sjølv vil, som når du er pålogga eit trådlaust nett. Dette sparer også maskinen for straum.

Elles er det lurt å merke seg SMS-meldingane du får med prisinfo når du kryssar landegrensene. Husk også at både Telenor og NetCom tilbyr varsling når du har brukt telefonen til datatrafikk for eit visst beløp. For å kunne bruke meir, må du svare «ja» på ein sms for å fortsette.

– I tillegg til å skru av dataroaming på telefonen, kan det også vere lurt å sette telefonen på manuelt val av operatør, slik at den ikkje automatisk koplar seg til den dyraste, påpeiker Veulemans før han legger til:

– Sist, men ikkje minst: Legg av deg vande medievanar – kanskje også familien vil sette pris på det. Har du verkeleg abstinensproblem, så finn ein gammal telefon – som ikkje gjer anna enn å ringe. (©NPK)

HAR DU VORE UHELDIG MED MOBILEN I FERIEN?