Island vil ha sigarettar på resept
Island vurderer å innføre forbod mot sal av sigarettar i daglegvarebutikkar. Då må islendingar som har lyst på ein røyk gå på apoteket.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Røyk på resept
Eit nytt lovforslag som forbyr sigarettsal i vanlege butikkar og kioskar skal opp til diskusjon i den islandske nasjonalforsamlinga. Det radikale initiativet er ein del av ein større 10-årsplan, med endeleg mål å forby røyking i det offentlege rom.
– Målet er å beskytte barn og unge og forhindre dei i å begynne å røykje, seier tidlegare helseminister Siv Fridleifsdottir, som har vore med og utarbeide forslaget.
Om ti år kan det dermed vere forbode å tenne seg ein røyk i gatene og parkane i Reykjavik og andre islandske byar. Røyking i bil med barn som passasjerar skal også bli forbode, ifølgje planen.
Forslaget som skal opp til diskusjon etter sommarferien, går ut på at personar over 20 år i første omgang skal kunne kjøpe sigarettar på apotek utan resept. Seinare må røykjarar gå til legen og få ein resept for å få lov til å kjøpe sigarettar. (©NPK)
VIL SIGARETTAR PÅ RESEPT GJERE AT FOLK RØYKAR MINDRE? SEI MEININGA DI I KOMMENTARFELTET!