Nominert i matgledekåring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan vinne med pizza

Medan kantina var stengd for eksamensavvikling så tok RM-linja utfordringa og laga ein eigen restaurant der dei laga ymse pizza kreasjonar som dei selde.

På vegen lærte dei også mykje om sal og marknadsføring.

Temaet for månadens matgledebedrift var nettopp pizza, og med mange spanande smakar gjekk gjengen til finalen.

– Det vart ein stor suksess og eg er så imponert over innsatsen deira, seier ei stolt Martha Nistad som er kontaktlærar for klassa til Hallingdølen.

Diverre fekk ho beskjeden om at de var nominert rett etter skuleslutt, men lar ikkje det stå i vegen for å mobilisere det dei kan for å vinne.

På ti dagar er det du som avgjer kven som stikk av med sigeren som månadens matgledebedrift. På tine.no kan du stemme på Gol Vgs. og sikre at pizzagjengen vinn over dei store kantinane.

-Uansett er me strålande fornøgd med å vere nominert. Dette er ein flott marknadsføring i seg sjøl for linja vår, seier Nistad.

Les heile saka i Hallingdølen.