Frå listefyll til dobbeltverv
Peder S. Slettebø jobbar 75 timar i veka på eige bakeri. No surfar på høgrebølgja til plass i kommunestyre og fylkesting.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Peder Sjo Slettebø står på 16. plass på Høgre si liste i Hordaland, men ser ut til å overraskande koma inn i fylkestinget.
– Eg skulle jo i utgangspunktet vera listefyll til fylket, men med dei siste målingane er eg jo inne, og det hadde sjølvsagt vore kjekt med eit så bra valresultat for Høgre.
Slettebø står også på sikker 4. plass på lista til Kvinnherad Høgre.
Færre unge
Framtida.no har gått gjennom alle vallistene til fylkestingsvalet til hausten, og samanlikna med dei siste prognosane til PollofPolls. Tala viser at Arbeidarpartiet og Høgre er dei einaste som får fleire representantar under 30 år inn i fylkestinga i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Berre i Hordaland får Arbeidarpartiet inn fire representantar under 30 år. Høgre får tre.
SJÅ OGSÅ: Færre unge på sikre plassar
Høgre har flest unge på usikre plassar, medan SV, Raudt og sentrumspartia manglar berre eitt eller to mandat i fleire fylke på å få unge representantar inn.
– Viktig for unge
– Sjølvsagt er det svært viktig å få ungdom inn i fylkestinget. Sjølv om fylkesting kan høyrast ganskje fjernt og kjedeleg ut, har fylket faktisk hand om ei rekke saker som har mykje å seia for kvardagen til dei unge.
For eksempel er det fylket som eig og styrer dei vidaregåande skulane, og det er fylket som har ansvar for kollektivtrafikk og ein del kulturpolitikk, seier Peder Sjo Slettebø.
– Fordi Hordaland Høgre har unge folk i fylkestingsgruppa, fekk for eksempel Unge Høgre gjennomslag for innføring av anonym retting av prøvar på vidaregåande for å unngå trynefaktor, og no er dette innført som prøveordning i Hordaland etter opprinneleg forslag frå Unge Høgre. Kor mykje ungdomskortet skal kosta kvar månad er det også fylkestinget som bestemmer, og difor er det viktig at ungdom er representert når dette blir fastsett, understrekar han.
LES OGSÅ: Gubbevelde styrer kommunane
Får det travel
Peder Sjo Slettebø har nettopp tatt over det tradisjonsrike bakeriet på Halsnøy, og har travle dagar med elting og sal – i tillegg til sentralstyrevervet i Unge Høgre. Etter valet blir truleg andre bollar.
– Å driva sitt eige bakeri er veldig travelt. Til vanleg jobbar eg 70-75 timar kvar veke, så det blir nok krevjande å kombinera. Men eg trur det skal gå bra likevel, for eg synest politikk er veldig kjekt, og det du synest er kjekt får du som regel tid til.
– Kva trur du blir forskjellen på fylkestinget og kommunestyret?
– I kommunestyret får du hand om saker som er mykje nærare deg sjølv og dine. For eksempel er det ofte vegen utanfor huset ditt eller naboen sin garasje det kan vera snakk om. I fylket er det meir overordna saker, og kanskje ikkje så tett kontakt med menneska vedtaka du er med på får noko å seia for.
Trur du alderen på dei folkevalde har noko å seia for korleis dei styrer?