12 ting ei ung jente vil gjera før verda går under

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ting å gjera før verda går under

Sjølv om dei ikkje trur verda kjem til å gå under slik med det fyrste har Synnøve Rotevatn og Ingrid Åshamar (14) tenkt kunstnarisk over saka, i samband med skrivekurset under Dei nynorske festspela.

– Hoppe i fallskjerm
– Hoppe i strikk
– Fortelje ein gut at du elskar han.
– Gjere opp for ugjerningar.
– Reise til Paris.
– Farge håret rosa.
– Kysse ein kjendis.
– Oppleve andre kulturar.
– Fortelje alle at du er glad i dei.
– Skaffa seg respekt.
– Adoptere ein hund.
– Bruke masse tid med familie og vener.

Fleire hopp
– Eg har lyst til å hoppe i fallskjerm, seier Ingrid Åshamar. Medan Synnøve Rotevatn helst vil hoppe i strikk.

Kursleiar og festspeldiktar, Bjørn Sortland har i alle fall hoppa i fallskjerm og han har skrive boka, 12 ting som må gjerast rett før verda går under.

LES OGSÅ: Ordkunstnar med tru på bilete

– Den er ikkje adoptert, men eg har hund altså, fortel Synnøve om oppfylte ynskje frå lista.

– Eg har fundert på å farge håret rosa, men eg har ikkje kome lenger enn til å bleike det, seier Ingrid.

Men på det siste punkta på lista, der ligg jentene godt an. – Kva elles skulle vi brukt tida på? Seier dei.

Kjendiskyss
– Vi endra faktisk dei fleste av punkta rett før vi gjekk på scena på Ivar Aasen-tunet, fortel jentene, og dei har fleire tankar om punkta.

– Eg har verkeleg lyst til Paris eg, fortel Ingrid Åshamar. – Og det er sikkert fornuftig å gjere opp for ugjerningar, fyller Synnøve Rotevatn ut.

Det er artistar det handlar om når jentene vel kva kjendisar dei kunne tenkt seg å kyssa.

– Bjørn Muri frå Idol og Melodi Grand Prix, seier Ingrid.

– Bill Kaulitz frå Tokyo Hotel, innrømmar Synnøve.

På spørsmålet om Ivar Aasen kunne vore noko å fått eit kyss er svaret kontant.

– No way.

– Men vi sette opp ein musikal om han i 7. klasse altså, avsluttar Synnøve Rotevatn.

QUIZ: Prøv deg på Ivar Aasen-quizen her!