Raparar vil påverke

Rapvalg 2011 skal få fleire til å stemme. Høyr og stem her!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie over to månader før lokalvalet, er det muleg å bruka stemma di. I Rapvalg 2011.

– Vi ønskjer at dei politiske og samfunnsmedvitne songane i konkurransen skal brukast som eit talerøyr for å nå ut til politikarane, på område som vedrører unge menneske. I 2009 var det knytt opp mot stortingsvalet og i år er det sentrert rundt kommunevalet i september, seier Kelechi Eribe, som er prosjektleiar for Rapvalg 2011.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD) og Tomorrow People, og har blant anna fått støtte frå Frifond Stem. Målet er å bidra til å auka valdeltakinga.

QUIZ: Kva veit du om lokaldemokratiet?

– På kva for ein måte kan rapen vere politisk?

– Alle songane i konkurransen tek anten opp eit politiske eller samfunnsmedvite tema, som er veldig relevante for dagens samfunn. Nokre av desse har vore: barnevern og omsorg, innvandringspoltikk, oppgjer med datalagringsdirektivet, val av parti, økonomi, incest og ikkje minst miljøproblematikk. Med andre ord veldig varierande politikk. Mykje av dei er basert på personlege hendingar og korleis vi vel og tolke der varierer frå person til person.

GÅ TIL RAPVALG 2011!

– Korleis fann de fram til dei 28 semifinalistane?

– Alt i alt har vi fått inn 64 bidrag frå heile landet. Slik det var i 2009 var det 12 finalistar, vi hadde planlagt å då ha 24 semifinalistar. Men på grunn av veldig god kvalitet på artistane valde vi å auke denne med 4 plassar til.

– Når er det finale?

– Finalen er 8. september som er fire dagar før kommunevalget! Der vinnaren av 50.000 kroner og Rapvalg 2011 vil bli kåra på Blå i Oslo.