Lærerike dagar i Trondheim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå bilet- serie frå UKM!

Denne helga vart UKM-festivalen arrangert og 500 av dei dyktigaste kulturutøvarene i landet i alderen 13 til 20 år sette sitt preg på Trondheim.

Toradar
– På UKM får ein ikkje berre det sosiale og det med å visa seg fram, men det er ei lærerik erfaring ein ikkje får nokon anna plass, fortel Norill Terese Norheim frå Hafslo, som deltok på UKM som artist med toradar.

LES OGSÅ: – Mektig imponert

Norill Terese Norheim og Martin Andreas Aasen Vikesland frå Aurland, som stilte med fotografi, var dei to deltakaren frå Indre Sogn i Trondheim.

Du kan sjå og høyra Norill Terese Norheim spela på UKM i Trondheim her!

UKM kunne tilby eit program med 30 workshops mellom anna i fleirkameraproduksjon, gitar og spelestil, hår og makeup og dans og foto, vert det opplyst på nettsidene til fylkeskommunen.

Tone og Eva
Mange utøvarar har hatt UKM-festivalen som eit steg på vegen til ei karriere som profesjonell artist. UKM Norge nemner i ei pressemelding tidlegare deltakarar som Odd Nordstoga, Jaga Jazzist, Thom Hell, Tone Damli Aaberge, Blacksheeps, Ingrid Bolsø Berdal og Eva Weel Skram.

Totalt deltok 25.000 ungdommar på Ungdommens Kulturmønstring i år.

LES SAKA I SOGN AVIS!