Det kryr ikkje av sommarjobbar innan reklamebransjen. Men desse tre jentene var heldige.

Magne Kydland/Sunnhordland.no
Magne Kydland/Sunnhordland.no

Reklamebyrået Oktan på Stord plar vanlegvis ikkje ha sommar-vikarar. I år gjer dei eit unnatak og har like godt hanka inn tre stykk.

Dei tre Westerdal-studentane Ingrid Rommetveit, Jenny Hutchens og Anne Gjerstad pakkar sekken for dette skuleåret og returnerer til Stord for å arbeida i same firma.

– Det er vanlegvis ikkje så enkelt å få jobb dersom du driv i den kreative bransjen, difor var det ekstra kjekt då Oktan tok kontakt og ville ha oss alle tre, fortel Ingrid Rommetveit. Ho studerer Art Direction ved den anerkjende kreative høg-skulen Westerdals og gler seg til sommaren.

– Me tre jentene har arbeidd mykje i lag tidlegare og bur saman i Oslo, så du kan seia det er eit samarbeid utanom det vanlege. Det blir spennande å sjå korleis det blir å arbeida saman i Oktan, seier Ingrid.
Oktan er eitt av dei største reklamebyråa i Noreg og har kontor på Stord.

LES OGSÅ: Designar for bygda

– Me har mykje å gjera om dagen og har samstundes eit ønske om å støtta unge kreatørar, seier Jostein Sydnes som er leiar for avdelinga på Stord.

– Kontoret har vanlegvis ikkje noko tilbod om sommarjobb til studentar, og har som regel redusert drift om sommaren. Me vil likevel prøva dette no og sjå korleis det går. Desse tre jentene er veldig flinke og vil nok kunne bidra til endå nokre nye tankar på kontoret, trur Sydnes.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

ANNONSE