Vaksne menn på ville vegar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Ragnar Hovland, Hans Sande, Per Olav Kaldestad, sonen Roald Kaldestad og Atle Hansen, som til dagleg er ein del av Sunnhordland sin redaksjon, er alle godt etablerte nynorskforfattarar. Til saman har dei gjeve ut over 100 bøker. Mest kjend er dei fleste av dei for sin barne- og ungdomslitteratur, men fleire av dei har musikalsk erfaring frå før.

Den yngste av dei fem, Roald Kaldestad, har blant anna jobba med den profilerte nynorskartisten Odd Nordstoga.

Popstjerneparodi
Prosjektet deira består for det meste av dikt som er sett musikk til, ei blanding av opplesing og song. Det er nynorsk litteratur i bruk. Låten «Rytmeboks», er den einaste som er skriven spesielt som songtekst. Den er ein slags parodi på popstjernedraumen, fortel Ragnar Hovland. Han medgjev òg at i denne parodien fins det noko ekte.   Hans Sande spelte i band i sin ungdom, men har ikkje mykje musikalsk erfaring utover det.

– Eg tykkjer ikkje det er dei store forskjellane på å skrive bøker, og å skrive tekstar. Begge delar går ut på å leika og leita, fortel forfattaren, som er busett i Førde.

Trampolineforfattar
Heime hjå Roald Kaldestad på Kattatveit på Stord samlast fem nynorskforfattarar for å øva på ein kabaret. Godt vaksne karar spelar musikk i eit kjellarlokale. Stykket deira har fått tittelen «Vaksne menn på ville vegar». Når det første synet som møter meg i oppkøyrselen er forfattar Hans Sande, som hoppar på trampolina, har eg ikkje problem med å skjønne namnet.

26. juni spelar gruppa på Boknatti i Fjærland, og dagen etter gjestar nynorskforfattarane Dei nynorske fest-spela i Ivar Aasens heimbygd Ørsta. – Programmet er slett ikkje pussa, seier Ragnar Hovland.   Ein god del av øvingstida går med til å drikka kaffi. Førebels har ikkje karane fått meir enn desse to spelejobbane. – Men dersom me får det som me vil, så spelar me programmet vårt her til hausten, seier Per Olav Kaldestad. – Det var eit hint, legg Hovland til.

Damepublikum
– Det er ein kabaret, men me har ikkje lagt opp til noka dansing, fortel Per Olav Kaldestad. Han ser likevel ikkje bort frå at nokre av dei spontane dansetrinna frå øvingslokalet kan finna vegen til scena.

Karane får hjelp av dramalærar Vigdis Vangsnes til å finpussa programmet. Ho får tildelt ein krakk bak eit trommesett. – Sjølv om det er damer i publikum, må de ikkje ta heilt av. Hald litt tilbake, instruerer Atle Hansen.

Showet opnar med ein versjon av kjenningsmelodien frå Stanley Kubricks? «2001: A Space Oddysey». Dei står med ryggen mot sitt kvinnelege publikum og øver på å entra scena.

Mulla i Bakkasund
Forfattarane har eit rimeleg demokratisk system der alle skriv og bidreg like mykje. Programmet deira har ikkje noko uttalt gjennomgangstema. Det er ein blanding av alvor og humor. Hans Sande har til dømes skrive om ein Mulla i Bakkasund.

– Den handlar om dei konfliktane som oppstår mellom etniske nordmenn og innvandrarar. På ei side er me vennlege og forståingsfulle, medan me òg er redde og skeptiske, fortel Sande.

Forfattarane, som Ragnar Hovland definerer som ei gruppe eldre herrar, har stor glede av å jobba saman med eit musikalsk prosjekt. – Me håpar jo at me kan vidareformidla noko av den gleda til publikum, seier Per Olav Kaldestad.

Hovland meiner at programmet deira passar for alle, men karane forventar at størstedelen av publikummet vert middelaldrande damer. Dei er jo trass alt middelaldrande menn. Det mannlege publikumet, som oftast er i følgje med ei middelaldrande kvinne, plar stort sett opphalde seg nærare baren.

– Er det eit snev av midtlivskrise over at fem vaksne menn spelar musikk i ei kjellarstove?

– Dei fleste av oss er godt over midtlivs, ler nynorskforfattarane. 

LES SAKA I SUNNHORDLAND! 

Sjå dei spela på ferjekaien i Fjærland: