Ordkunstnar med tru på bilete

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ord- kunstnar med tru på bilete

– Eg har ikkje tal på kor mange reisedagar eg har i året, seier han då vi møter han på Gardermoen ein sein kveld. Sortland er på veg til Litteraturfestivalen på Lillehammer og har berre eit par minutt før han må hasta vidare til toget. Resten må vi ta på telefon.

I år er festspeldiktar under Dei nynorske festspela. Det synest han er stas.

– Eg gler meg til å lesa frå bøkene mine til eit vakse publikum, seier forfattaren, som elles er mykje på farten rundt i landet til barne- og ungdomsskular.

Allsidig og produktiv
Sidan han debuterte som 23-åring, har han gjeve ut 43 bøker. Det vil seia like mange titlar som alderen til forfattaren. Kanskje ikkje så rart at han har blitt omtalt som ein av dei mest produktive forfattarane her til lands. Kvart år kjem han gjerne ut med både to og tre nye bøker.

Spennvidda er stor både når det gjeld målgruppe, form og innhald. Han har skrive både for barn, ungdom og vaksne. Blant bøkene finn vi alt frå romanar og biletbøker til spenningsbøker og ein teikneserie for vaksne.

Forfattaren sjølv lever godt med å spreia seg på mange felt.

– For meg er ikkje dette så rotete. Det er dei same grunngreiene eg jobbar med alltid, seier han.

Bøkene hans er omsett til rundt tjue språk, og mange av dei er heidra med prisar både i inn- og utland.

Gripen av kunsten
Kunst er eit fellestrekk i bøkene til festspeldiktaren. Reisene hans er ofte styrte av at han har lyst til å sjå ei eller anna utstilling.

– Er det ei spennande utstilling i London eller Berlin, nøler eg ikkje med å reisa, seier Sortland.

Slike turar blir det gjerne bøker av.

– Eg brukar ofte kunstverk for å seia noko anna, eller som eit springbrett inn i ein tekst, eller eg brukar det indirekte og skriv om ein kunstnar, forklarer han.

Interessa for kunst starta allereie som barn. Oppvaksen på Bømlo fjernt frå museum og kunstgalleri var det ikkje sjølvsagt at det skulle bli slik. Bjørn Sortland er likevel ikkje i tvil om korleis interessa blei sådd.

– Mor mi kjøpte ein god del store praktverk på den lokale bokhandelen. Munch og van Gogh var nokre av dei første eg møtte. Bileta deira gjorde sterkt inntrykk på meg. Verda blei brått så stor.

Vil dela kunstgleda
Bjørn Sortland trur alle kan bli glad i kunst – berre dei får litt hjelp til å forstå det dei ser.

– Du treng ikkje ha kunstutdanning, men du må ha nokre nøklar. Mange reiser til Italia og går rundt og surrar i eit galleri utan nokon forkunnskapar. Dei går berre gjennom galleriet og ser bilete etter bilete – og så er dei utslitne. Men viss du veit litt om kva bileta representerer, får du meir glede av det. Då meiner eg kven som helst kan få stor glede av kunst.

Gjennom bøkene sine har han gjeve små og store kjennskap til mange av dei fremste kunstmålarane i historia. Han vil likevel ikkje kalla seg kunstformidlar.

– Eg skriv fordi eg har lyst til å visa det fram. Sjå her så bra! seier han oppglødd og peikar på at kunsten er nært knytt opp til livet.

– Kunsten er tett linka opp til det universelle som menneske strevar med. Det er som å lesa Shakespeare: Berre du kjem forbi høgengelsken og får tak på det, er det oss han skriv om: Begjær, jåleri og kjærleik. Det er skremmande nært, seier Sortland, som meiner det same er tilfellet med målarkunsten.

Nynorsk til glede og gru
Bjørn Sortland nyttar begge målformene når han skriv – av og til i ei og same bok.

– I «Ærlighetsminuttet» skriv eg både på bokmål og nynorsk. Boka har mykje dialog, og reint praktisk syntest eg det var frigjerande. Det er med på å farga karakterane og gjera samtalen meir dynamisk, seier Sortland, som synest det er ein rikdom at vi har to skriftspråk i Noreg.

Når han reiser rundt på skulebesøk opplever han derimot ofte at både elevar og lærarar tyr til bokmål – også i nynorskområde.

– Mange føler seg usikre og opplever at dei ikkje kan nynorsk godt nok. I staden tyr dei gjerne til bokmål, seier Sortland, som meiner det er viktig å gjera det meir attraktivt å skriva nynorsk.

– Nynorsken kan lett bli veldig krampaktig. Det blir fort mykje mjølkesyre og pliktløp. Nynorsk må bli meir gøy, understrekar han.

Trur på film på dialekt
Nynorske bøker er ikkje nok til å løysa problema til nynorsken, meiner Sortland. I staden trur han på film.

– Nynorskkampen handlar for meg litt om at det må lagast filmar frå Utkant-Noreg. Film på dialekt har eg tru på, seier forfattaren.

Han meiner det må til ei grunnleggjande haldningsendring for auka aksepten for og sjølvtilliten til folk utanfor Oslo. Sortland peikar på at folk på bygda, nynorskbrukarar og folk i kristne miljø ofte har blitt framstilte som litt spesielle og sære i norske tv-seriar.

– Det er viktig å nå ut til mange og visa ein annan røyndom, seier Bjørn Sortland, som ikkje er framand for å skriva filmmanus. (©NPK)