Harry Potter blir e-bøker
Sa J.K. Rowling då ho lanserte den interaktive nettstaden Pottermore.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
(NPK-NTB-AFP-Reuters): Pottermore.com skal vere klar 31. juli for fans som klarer ei spesiallaga utfordring på nettet, og blir tilgjengeleg for resten av verda i oktober. Nettstaden lèt Harry Potter-fans navigere seg rundt i Potter-universet og delta i spel og utfordringar.
Sida skal også innehalde informasjon om personane i bøkene som ikkje er publisert tidlegare.
Då Rowling etter ei fleire dagar lang nedteljing lanserte Pottermore torsdag, sa ho også ganske klart at det ikkje blir fleire enn dei sju Potter-bøkene – slik fansen har håpa.
– Eg har ingen planer om å skrive ein ny roman. Eg er ganske sikker på at eg er ferdig på romanfronten. Men det var gøy så lenge det varte, sa Rowling.
E-bøkene skal gjerast tilgjengeleg på ei rekke språk. Rowlings bøker om trollmannen Harry Potter er selt i over 400 millionar eksemplar verda over, og med e-bøkene får den britiske forfattaren truleg eit endå større publikum.
I juli kjem den siste av filmane om Harry Potter på kino. (©NPK)
Sjå filmklipp her: