Kenneth Birkenes har vore gjennom omfattande kreftbehandling og overlevd trass dårlege odds. No skal han teste grensene igjen.

Jon Edvardsen/Grannar.no
Jon Edvardsen/Grannar.no

— Kreften kom kastande over meg, men den nye kampen mot grensene er derimot frivillig. Dette har eg  bestemt sjølv og det blir ei spennande utfordring som eg gledar meg til, seier han.

På måndag var han klar for å teste grenser i det populære tv-programmet «Ingen grenser». Av 1.000 søkjarar er han blant dei 11 med ulike formar for fysisk funksjonsnedsetting som skal vere med villmarkseventyraren Lars Monsen på ekspedisjon i den andre sesongen av programmet som greip det norske tv-publikummet.

400 kilometer
I dag er fjerde dag av ekspedisjonen som varar i 30 dagar for å forsere 400 kilometer villmark i Femundsmarka.

Det er nesten like langt som å gå heim til Etne frå Elverum der Birkenes bur saman med ektefelle og ei dotter. Han har halde på løyndommen ei stund, også for dei nærmaste. Deltakarane fekk først på måndag vite kvar dei skulle.

— Vi skal ikkje ha kontakt med nokon under ekspedisjonen og får ikkje fortelje kvar vi er. Det er ein villmarksekspedisjon og dei vil ikkje risikere at det plutseleg dukkar opp nokon, seier etnebuen som flytte frå heimbygda for ti år sidan.

Han vender ofte kursen vestover frå byen i dei djupe skogar i Østerdalen. Det han har vore gjennom gjer ikkje banda til familien mindre.

Brukar protese
— Det eg har vore gjennom påverkar alle rundt meg. Ein slik smell er ein ikkje aleine om. Eg har hatt god støtte, forklarar han.

Etter den første kreftoperasjonen vart han avhengig av kosmetisk protese etter inngrep i hofta for å fjerne ein stor svulst.

— Protesen støttar opp ryggen og muskulatur, ja og er med på å halde buksene på plass. Eg er spent på korleis det vil fungere på ein så lang tur som dette.

Han følgde den første ekspedisjonen i «Ingen grenser» på tv-skjermen, og tanken slo ned at dette var noko han kunne ha lyst til å bryne seg på.

— Eg elskar å vere ute i skog og mark. Eg går også på jakt i Etne. Det er lett å bli sjukeleggjort når ein har ei funksjonshemming, og på ein slik ekspedisjon kan ein vise at ein klarar utfordringar og at begrensingar er til for å overvinnast, seier han.

Eit under
Han meiner det kan vere oppmuntring og inspirasjon å dele med andre at ting kan gå bra trass i hinder og dårlege odds. Ekspedisjonsdeltakaren er på sett og vis eit medisinsk under når han har overlevd ein aggressiv type beinkreft tre gonger. Det er nokre få unge menneske som får denne krefttypen kvart år, og prognosane for å overleve er små.

— Eg har vore superheldig som har kome gjennom dette tre gonger. Det seier legane også. Eg går til kontroll på Haukeland og tilbakemeldingane er gode. Det er fire år sidan eg avslutta den siste kreftbehandlinga, fortel han.

I 1994 var han 14 år, og det dei trudde var voksesmerter hos ein aktiv gut i friidrett og arbeid heime på garden, viste seg å vere ein svulst i hofta.

Tv med verdiar
Han måtte operere og var gjennom tøffe kreftbehandlingar. Tenåringen vart frisk, men sjukdommen dukka opp igjen i ribbebeina. Han kom seg gjennom det på ny.

I 2006 vakna han ei natt og var lam, og det vart ein tredje kamp mot kreften, ein svulst i ryggrada.  Året etter var han friskmeld.

No tar han 400 kilometer på strak arm.

— Dette programmet til Lars Monsen får fram andre verdiar. Her handlar det ikkje om å stemme andre ut som i mange reality-program, men å utfordre sine eigne grenser og å hjelpe andre, seier Birkenes.

Han reknar med at han blir blant dei som må ta i eit ekstra tak for fellesskapet.

Over sjø og land
Serien som er under innspeling, blir vist på NRK våren neste år. Ingen av ekspedisjonsdeltakarane har erfaring frå denne typen utflukt, men dei har kyndig leiing i villmarkas høvding, Lars Monsen.

I tillegg til mange mil til fots, har dei etappar med kano, robåt og firbeinte dyr. Sju av elleve deltakarar er kvinner. I denne runden er det med to døve og kommunikasjon blir eit viktig tema.

— Vi var gjennom fleire psykiske og fysiske testar. I siste runden var vi 20 igjen, og eg vart ganske overraska då det kom telefon om at eg var tatt ut til å delta i ekspedisjonen, seier Kenneth Birkenes.

Det betyr også ein friperiode frå jobben hans i butikken for jakt og våpen.

LES SAKA I GRANNAR!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

ANNONSE