– Sofaen er hovudmotstandaren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar sofaen

Stoltenberg bryr seg lite om at Høgre gjer det stadig betre på meiningsmålingane både lokalt og nasjonalt.

– Dei politiske hovudmotstandarane er ikkje Frp eller Høgre, men sofaen og heimesitjarane, seier Stoltenberg til Dagsavisen.

Bølgja av blått skremmer ikkje statsministeren.

– Det viktigaste er kva vi politikarar faktisk gjer. Vi gjennomfører det vi gjekk til val på: sikrar den lågaste arbeidsløysa i Europa, sikrar mange tusen nye årsverk i eldreomsorga og rustar opp skulen, seier Stoltenberg.

Blåmalinga får ikkje statsministeren i godt humør, men han poengterer at meiningsmålingane berre er meiningsmålingar.

– Ved kvart einaste val blir vi mint om at det er valresultatet som gjeld. Vi skal lytte til meiningsmålingane, men det avgjerande er valresultatet, seier statsministeren.

Han seier det viktigaste no blir å mobilisere alle dei som sit heime.

– Vi veit at den største veljarreserven Arbeidarpartiet har, er dei som ikkje stemmer, sa han i ein tale til Fellesforbundets representantskap onsdag. (©NPK)