Prøvar frå kloakken i Oslo er undersøkt.

Nynorsk Pressekontor
Nynorsk Pressekontor

Prøvar frå kloakken i Oslo viser at ecstasybruken steig kraftig dei to første vekene i mai i fjor. Også annan narkotikabruk har tydelege sesongar.

Det er forskarar frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA), som har teke prøvar av Oslo-kloakken gjennom heile fjoråret. Dei kan seia ein del om dopvanane hos innbyggjarane i hovudstaden, skriv Dagbladet.

Medan russefeiringa er på det meste hektiske, frå 1. til 16. mai, avslørte vassprøvane ti gonger så høg bruk av ecstasy. Nasjonaldagen var også ei høgtid for kokainbruk, som også viste toppar rundt nyttårsaftan og i fellesferien.

Oslo kan også notera seg for høgare bruk av metamfetamin samanlikna med andre storbyer i Europa.

LES OGSÅ: Fryktar å få noko i glaset

I tillegg til å ha blitt godkjent av andre forskarar, har NIVA også blitt kontakta av politiet og Kripos.

– Vi var overraska over dei store sesongvariasjonane, seier forskar Christopher Harman. Han seier tidoblinga av ecstasyfunn i russetida ikkje kan vera tilfeldig. Samtidig peikar rusforskar Ellen J. Amundsen på at det er gjetting å seia at auken kjem av russetida.

– Men det kan vera ei god gjetting. Vi veit ikkje kva det kjem av og kan ikkje slå fast kor denne auken stammar frå, seier Amundsen, som arbeider ved Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) (©NPK).

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30
ANNONSE