– Ikkje ver for frekk og opprørsk

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oda Hestvik er avtroppande leiar i Ungdomsutvalet i Porsgrunn. Gjennom politikarkontakt, og arbeid opp mot pressa, har dei arbeida mot vald, for røysterett for 16 – og 17- åringane, for helsetilbod og for ungdomshuset sitt.

Sigrar
Ei gjennomgåande sak har vore ungdomshuset Gamleposten, som nå skal rivast. Huset har romma øvingslokale for mange band, arena for LAN-party, konsertar og disko, og møtelokale. No skal det rivast til fordel for eit nytt kulturhus.

– Kommunen ville fyrst berre flytte oss ned i ein kjellar, forklarer Oda Hestvik. Men ingen i ungdomsgruppa var fornøgde, ungdomsutvalget pressa poltikarane og bystyret måtte finne ei ny løysing.

– Det blir bra no altså, men det har vore mykje jobb, seier Oda Hestvik.

Politikarfabrikken
Fleire toppolitikarar har trødd sine politiske barnesko i Ungdomsutvalget i Porsgrunn. Som stortingsrepresentant for Høgre, Torbjørn Røe Isaksen.

Christian Tynning Bjørnø (26) er Arbeidarpartiets yngste fylkesordførarkandidat. Han var medlem av det som då heitte Felles elevråd frå 1999 til 2002.

– Me var eit veldig aktivt organ, som var opptekne av alle kommunale saker, fortel Tynning Bjørnø. Sakene var mange av dei same då som no, med re-vitalisering av ungdomshuset på topp.

I 2003 vart han landets yngste folkevalde, då han vart vald inn i bystyret. Seinare har han vorte leiar av Porsgrunn Arbeiderparti og elev – og lærlingombod i Telemark. I dag driv han med valkamp på heiltid, fram til valet i september.

– Tida i utvalet trigga meg til å halde fram med politikk, og gjorde vegen til AUF og bystyret kortare, fortel Tynning Bjørnø. Han dreg fram både miljøet av unge menneske som ville få til ting, og auka aksept for unge røyster i byen.

– Som ung får du litt gratis, men ikkje alt. Om det å lese sakspapir ikkje er det alle viktigaste, lyt ein kunne sakene sine.

Uansett om han blir vald til fylkesordførar eller berre til medlem av fylkestinget, tek han ungdomsperspektivet med seg.

– Noko av det viktigaste for meg er å få til eit ungdomsråd eller Ungdomens Fylkesting i Telemark, og det vil eg få til uansett.

Presse og sakspapir
– Det viktigaste for å få til ting er å vera positive til dialog med dei vaksne politikarane i kommunen, seier Oda.

– Eg trur mange ungdommar er for frekke og opprørske, og då møter dei veggen med ein gong.  Ho meiner ein lyt vera innstilt på å få ting til.

– No er det journalistane som ringer til oss, seier Oda. Ungdomsutvalget har brukt media aktivt for å få gjennomslag, og for å vera synlege. Dei har klart å vorte ein instans som uttaler seg i mange saker som handlar om ungdom.

Sjølv om Oda Hestvik framleis er engasjert, og har fått store mengder lærdom gjennom virket i Ungdomsutvalget, slutttar ho no. – Skulen er det viktigaste, seier ho.

Christian Tynning Bjørnø er samd i synet på utdanning, og meiner aktive ungdomspolitikarar må hugse på å ta seg udanning i tilegg til politikken.

– Det er viktig å ikkje verte ete opp av politikken, ikkje berre henge på rådhuset og folk frå dei miljøa.

– Om ein vil kome seg fram politisk, kan eit av dei beste råda vera å ha eit liv utanfor politikken, avsluttar han.

Har du tips til saker der ungdomsråd eller ungdomspolitikarar har fått gjennomslag? Tips oss i kommentarfeltet under eller på epost!