Vann pris for avisa si

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gol ungdomsskule er ein FN-skule og har ofte utmerkt seg med sitt engasjement for FN og saker som organisasjonen jobbar med. Når 8b denne våren også skulle ha Avis i skulen, så gjorde dei begge ting samstundes – dei laga FN-avis.

– Me har drive med prosjektet Avis i skulen i meir enn 30 år, og det var naturleg å kombinere det med vår status som FN-skule, fortel rektor Hallgeir Haugen. Han legg til at det er ekstra motiverande å jobbe med noko når ein kan vere med i ei tevling, og når ein på toppen av det vinn. Ja, då kan det ikkje bli betre.

Kongo-nytt
Dei tre elevane Kim Daniel Viko, Vilde Fossum Walaker og Liv Malin Jørmeland Evenstad står bak nettavisa Kongo nytt. Avisa tek for seg situasjonen til born i Kongo, og dei unge journalistspirene har mellom anna skrive om FNs tusenårsmål, problematikken med malaria, HIV og AIDS og korleis barn har det i Kongo.

SJÅ KONGO-NYTT HER!

– Eg har lært utruleg mykje, fortel Vilde. Noko også dei to andre kan seie seg einige i. – Det hadde vore spennande å kunne besøke Kongo, men etter alt eg har lært om landet veit eg ikkje om eg hadde turt, seier Liv Malin.

Pokal
Avisa vart sent inn etter ei intern tevling i klassen. Dei var dei einaste i sin klasse. Arbeidet med alt frå artiklar, lesarinnlegg, biletinnsamling og 5 på gata overbeviste FN-sambandet som poengterer at det absolutt var ein velfortent siger.

Klassen ventar på pokalen som er på veg, og dei tre forfattarane får også ein minnepinne kvar frå FN.

LES SAKA I HALLINGDOLEN.NO!