Young Dreams gler seg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag brakar det laus i Fitjar, i skjærgarden halvannan time sør for Bergen. Og det er litt av ein bandliste. Young Dreams og Casiokids er to av dei mest populære banda frå Bergen for tida. 25-åringen frå Haugesund Susanne Sundfør, treng nesten ikkje omtale. Ho vann Spellemannsprisen 2010 for sitt tredje album, The Brothel i 2010. I tillegg skal DJ Admir snurra plater. Sveibuen Rune Vandaskog i Young Dreams ser fram til festival.

– Me gler oss, seier han og fortel at nokon i bandet har vore på Fitjar før.

– Eg trur alle ser fram til konserten, seier Vandaskog.

Bandet som tel tolv personar frå banda Casiokids, The Megaphonic Thrift, Put Your Hands Up For Neo-Tokyo, The Alexandria Quartet og Matias Tellez og Rune Vandaskog, stiller med åtte på laurdag. Dei er: Rune Vandaskog, Njål Paulsberg, Chris Holm, Matias Tellez, Pablo Tellez, Marius Erster Bergesen, Fredrik Vogsborg, Per Kristian Slåttli.
 
Kjem med nytt
Young Dreams kjem til å spela songar som folk ikkje har høyrt før på konserten.

– Me har ein del nytt materiale som me ikkje har spelt live, kanskje me prøver ut litt av det.

Han kjem til å førebu seg litt annleis enn han gjer til ein vanleg konsert.

– Nei, eg tar på shorts i staden for bukse kanskje, seier Vandaskog. Han ser ikkje svart på det om vêret ikkje slår til sjølv om det førebels er meldt sol.

– Me skal prøva å laga sommarstemning uansett, seier han. Bandmedlemmet i bandet som blei kåra til Band of the day av sjølvaste The Guardian 27. mai i år, ser fram til å spela på same scene som dei andre banda.

– Me håpar og trur det blir bra oppmøte med tre glimrande band på samme scene. Casiokids er jo gode vener av oss, dei gler me oss alltid til å sjå. Og Susanne Sundfør er verkeleg ei oppleving live, og bandet like bra. Så ja, me gler oss, seier Vandaskog.

Treng frivillige
Lene Tufteland som er festivalsjef for Moahagen tar imot frivillige med opne armar.

– No er ikkje akkurat vêret så hjelpande i forhold til dugnadsarbeid, torsdag og fredag skal dei frivillige som skal jobba på Moahagen vera i hagen.

– Me treng alltid frivillige, så det er bare til å koma om ein vil hjelpa, seier Tufteland.

Det er plass til 1.500 på konsertområdet der ein kan sitja i amfiet eller i bakken ved sida. Om ein ikkje vil dansa då.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!