Popmaskina

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pop- maskina

Tidleg start
Britney Jean Spears vart fødd i desember 1981 i delstaten Mississippi i USA, men ho er oppvaksen i Lousiana. Ein kunne også seie at ho er oppvaksen i rampelyset; allereie før ho var ti år, hadde ho spelt i ei rekkje reklamefilmar, og i eit teaterstykke i New York. I 1992 fekk ho ei rolle i The Mickey Mouse Club, saman med blant andre Justin Timberlake – men serien vart teken av lufta, og Britney flytta heim for å gå på ungdomsskulen.

forts. under videoen:

Men det vanlege tenåringslivet gjorde Spears rastlaus. I 1997 spurde mor hennar Larry Rudolph om råd. Han var ein ven av familien, og advokat i underhaldningsbransjen. Rudolph bad Britney om å lage ein demo, og tok henne og demoen med til New York, der dei var i møte med fire plateselskap. Tre av selskapa takka nei, men Jive Records ringte etter to veker og bad om meir. Våren 2008 reiste Britney til Stockholm og spelte inn store delar av debutalbumet, blant anna med produsent Max Martin.

Heile verda sin tenåring
Albumet «…Baby One More Time» kom ut i januar 1999. Det gjekk rett til topps på den amerikanske Billboard-lista og i femten andre land, og vart det mestseljande albumet av ein tenåringsartist nokosinne. «…Baby One More Time» var også tittelen på den første singelen, og er ein song (og musikkvideo) som alltid vil bli forbunde med Britney; korleis ho gjekk frå tenåringsjente til verdsstjerne på eit blunk.

forts. under videoen:

Debutalbumet vart nominert til Grammy-pris. Sommaren 1999 la Britney ut på USA-turné – og møtte allereie på denne tida kritikk for at klesstilen og uttrykket hennar var for utfordrande. Våren 2000 reiste ho på nok ein turné, og gav smakebitar frå det nye albumet «Oops!… I Did It Again», som kom allereie mai same år. Albumet hadde mange store hitar, vart nominert til Grammy og danna utgangspunktet for Britney sin første verdsturné. Samtidig gav ho og mora, Lynne, ut ei bok saman, Heart-to-heart, som stadfesta det nære forholdet mellom popstjerna, mora og karrieren.

Hits og hardkjør
Britney sitt tredje album, «Britney», kom i november 2001. Singelen «I'm a Slave 4 U» hadde eit meir r'n'b-inspirert lydbilde og ein kontroversiell video, noko som forsterka Britney sin popularitet. Året etter debuterte ho som skodespelar i filmen «Crossroads», som fekk ei relativt dårleg mottaking. På det fjerde albumet «In The Zone» (2003) var Spears sjølv med på å skrive songar og produsere. Ho song ein duett med Madonna, og singelen «Toxic» vann Grammy for beste danselåt.

2004 var året for å gifte seg: først med barndomsvennen Jason Alexander (eit ekteskap som vart annullert etter eitt døgn), seinare med dansaren Kevin Federline, som ho seinare fekk sønene Sean (f. 2005) og Jayden (f. 2006) med. Paret vart skilt i 2007, omtrent samtidig som Britney – verdas største popstjerne – fekk psykisk samanbrot framfor fotokamera til paparazziane.

Ho mista omsorgsrett til ungane, og vart innlagd på forskjellige avrusingsklinikkar og psykiatriske klinikkar i 2007 og 2008 – men gav ut album samtidig; «Blackout» (2007) og «Circus» (2008). Begge albuma inneheldt store hits og vann prisar.

Våren 2011 kom Britney sitt hittil siste studioalbum, «Femme Fatale». Produsenten frå debuten, Max Martin, var igjen med på laget, og sjølv sa ho at målet var å lage eit album proppfullt av gode danselåtar.

Denne artikkelen stod først på trykk i Norsk Barneblad.

Faktaboks

Les meir om Britney Spears på Wikipedia (bokmål)!

Britneyspears.com

 

Musikktips for juni

Museum of Bellas Artes – Who do you love
Bow Wow Wow – Fools rush in
LCD Soundsystem – Dance Yrself clean
Young Dreams – Young Dreams
The Tallest Man On Earth – Thrown right at me