– Typisk norsk å tena på krig

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag la Utanriksdepartementet fram stortingsmeldinga om norsk våpeneksport for 2010. Ungdomsorganisasjonen Changemaker meiner regelverket for våpeneksporten er for dårleg.

– Det er enno typisk norsk å tene pengar på krig, seier Markus Nilsen, leiar i Changemaker.

Ikkje krav for NATO-land
I Soria Moria 2 lova regjeringa å innføre sluttbrukererklæring (SBE) frå alle land. Ein SBE gjer at vi kan vere sikre på kor norske våpen endar opp. Noreg krev i dag SBE frå alle land, bortsedd frå NATO-land sjølv om over 80 prosent av eksporten går til nettopp NATO-land.

– Dette viser at det noverande regelverket er for dårleg og difor kan ikkje nokon seie at Noreg har kontroll på norsk våpeneksport, seier Nilsen i ei pressemelding.

Les siste utanriksnytt her!

Utanriksdepartementet seier sjølv at regelverket er strengt.

– Regjeringen legg stor vekt på at Norge skal vidareføre eit strengt eksportkontrollregime, seier utenriksminister Jonas Gahr Støre i ei anna pressemelding.

Vil ikkje venta
Changemaker meiner regjeringa ikkje gjer nok på heimebane.

– Det er ingen grunn til å vente på at alle landa i NATO skal innføre sluttbrukererklæring. Ukontrollert våpenhandel tek livet av tusenvis av menneske i sør kvar dag – Noreg må tore å gå føre, seier Nilsen.

QUIZ: Kva veit du om krigar gjennom historia?

I tillegg er det viktig at regelverket tilpassar seg den nye røyndomen i våpenindustrien. Globalisering har ført til at våpensystem i dag er sett saman av delar frå heile verda, og 69 prosent av den norske våpeneksporten er nettopp slike komponentar.

– Det er heilt klart at regelverket må utvidast og blir oppdatert. Me forventar at utanriksminister Støre og regjeringa går gjennom eksportregelverket og gjer endringane som skal til for å få kontroll på alle delar av norsk våpeneksport, seier Markus Nilsen.

Faktaboks

Det samla verdien av eksporten i 2010 var i overkant av 3,9 milliardar kroner, om lag 3,7 milliardar utgjorde sal. Av dette utgjorde eksporten av våpen og ammunisjon om lag 2,6 milliardar og eksporten av anna militært materiell i overkant av 1 milliard. Det var i 2010 ein nedgang i verdien av den totale eksporten på om lag 835 millionar kroner frå 2009.

I 2010 gjekk 94 prosent av eksporten av våpen og ammunisjon og 88 prosent av eksporten av anna materiell til NATO-land og Sverige og Finland.