– Feigt og usolidarisk av LO

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

LO-leiar Roar Flåthen trekte onsdag støtta til målet om at Noreg skal gjera betydelege kutt i eigne klimagassutslepp. Natur og Ungdom er ekstremt skuffa, og krev no at statsminister Jens Stoltenberg kjem på banen for å klargjera utgangspunktet for eit nytt klimaforlik.

I 2007 la LO fram ein relativt ambisiøs klimaplan, som støtta målet om betydelege utsleppskutt i Noreg. Fire år seinare har LO snudd, og går ope og offensivt ut for å bremsa klimatiltak i Noreg. Natur og Ungdom er svært skuffa, og viser til solidaritetstanken fagrørsla skal vera fundert på.

– Dette er like usolidarisk som det er feigt av Roar Flåthen. Allereie trugar klimakrisa menneske på livet verda over, og me er sjanselause viss ikkje land som Noreg evnar å gå føra og byggja lågutsleppssamfunnet, seier Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Treng omstilling
Natur og Ungdom er ikkje nådig overfor LO-leiaren, som dei meiner systematisk forsvarar forureining og motarbeider den næringsomstillinga som trengst.

QUIZ: Kva veit du om klima og klimaendringar?

– Me kunne gjerne jobba saman med LO for vidareutvikling og nysatsing på miljøvennleg industri og næring. I staden vel Flåthen i dag å vise sitt sanne, stygge forureinsingstryne, seier Elvevold.

Vil ha statsministeren på banen
Dei siste dagane har fleire teke til orde for ei svekking av norske klimamål, og så langt har statsminister Jens Stoltenberg vore uklar rundt spørsmålet om norsk utsleppsmål. No krev Natur og Ungdom at statsministeren kjem på banen og klargjer sitt eige standpunkt.

– I denne saka kan ikkje Stoltenberg lytta til LO. No må statsministeren ut og klargjera at viss utsleppsmålet skal justerast, så er det opp og ikkje ned, seier Elvevold.

– Viss klimamåla gjer at me ikkje kan utvikla ny industri i Norge og kanskje heller må stengja ned deler av verdens mest miljøvennlege industri og flytta verksemda til land med langt dårlegare miljøstandarder, er det heilt uakseptabelt. Det er heller ikkje miljøet tent med, seier Flåthen.

Kva meiner du? Korleis meiner du Noreg kan bidra best til å redusera utsleppa?