– Omfanget er enormt. Alle som er på flukt på grunn av klimaendringar og naturkatastrofar, må få nødvendig hjelp og beskyttelse, seier generalsekretær Elisabeth Rasmusson i Flyktningehjelpen i ei pressemelding. Dei har utarbeidd rapporten saman med organisasjonen IDMC i Genève. Rapporten vart presentert under Nansenkonferansen i Oslo måndag, og viser at talet på registrerte naturkatastrofar auka frå om lag 200 til over 400 i året dei siste 20 åra.
Meir ekstremvêr
– Tilfella av ekstremvêr har auka både i omfang og intensitet. Truleg vil me sjå eit aukande tal menneske som flyktar frå naturkatastrofar etter kvart som klimaendringane slår inn for fullt, seier Rasmusson. I 2008 var 36 millionar menneske registrert på flukt som eit resultat av naturkatastrofar. I fjor var talet 17 millionar.
Den store variasjonen har samanheng med megakatastrofane som flaumane i India i 2009, Kina og Pakistan i 2010 og jordskjelva i Chile og Haiti.
Avhengig av støtte
Rapporten peikar på at Asia er hardast råka av naturkatastrofar. Talet på klimaflyktningar er størst i India, Filippinane, Bangladesh, Indonesia og Kina. Rapporten seier ikkje noko om kor lenge dei var fordrivne.
KOMMENTAR: Katestrofesommeren
– Kor alvorlege konsekvensane blir, avheng i høg grad av ansvarlege styresmakter og det internasjonale samfunnet si evne til svara på fordrivinga og gje vern og varige løysingar, seier Rasmusson.