15 år sidan første innskot

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

31.mai 1996 gjorde finansminister Sigbjørn Johnsen det første innskuddet, kroner 1.981.128.502,16, i Statens Petroleumsfond, seinare Staten sin pensjonsfond utland. 15 år seinare markerte han dagen på Tranby ungdomskole hos ein 9.klasse der to elevar fyllte 15 år same dag.

I skuletimen med 15-åringane fortalde Sigbjørn Johnsen og stortingsrepresentant Torgeir Michaelsen om Statens pensjonsfond utland og bakgrunnen for at Noreg har valt å spara inntektene frå petroleumsverksemda i fond. Han viste òg 15-åringane korleis dei gjennom livet både vil motta støtte frå, og bidra til å finansiera, velferdsstaten.

TEMA: LES MEIR OM SAMFUNNSØKONOMI HER!

– Me må innretta oss slik at me òg i framtida kan sikra at me har eit godt velferdstilbod i alle fasane i livet, både til dykk som er unge og for dei som treng omsut som gamle. Det gjer me først og fremst med arbeidskrafta vår. Dette kallar eg generasjonskontrakten, sa finansminister Sigbjørn Johnsen.

Den såkalla handlingsregelen gjer at staten berre skal bruka den forventa realavkastinga av pensjonsfondet, noko som utgjer fire prosent. I dag er Statens pensjonsfond utland på 3120 milliardar kroner.

Kva meiner du ein bør bruka oljepengane til? Bør ein investera meir i Noreg no?