Smartast i landet
Leirvik-elevar til topps i smartingkonkurranse.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Morten Haraldsen, Line Fadnes, Lars H. Aadland og Emma H. Pedersen i 5. klasse ved Leirvik skule har vunne Smartingprisen 2011.
450 elevar i Sunnhordland gjennomførte i vinter prosjektet SMARTere Energi i regi av Ungt Entreprenørskap og kvar einskild skule. I mars vann elevane ved Leirvik skule fylkesfinalen i Bergen. Vinnarbidraget blei sendt vidare til Oslo. I dag kom meldinga om at det innsende bidraget er tildelt Smartingprisen 2011.
I grunngjevinga frå juryen heiter det at gruppa har levert eit grundig arbeid og ein flott presentasjon, og viser at dei har reflektert godt rundt dei elementa som inngår i vatn og vindmølleoppfinninga.
Premien er ein tur til Oslo for elevane og læraren.
Elevane frå Hillestevit skule på Bømlo kom på 2. plass.