Studentar med sviande kritikk av manglande solsatsing i Noreg.

mm
Faktaboks

– Sola tilfører norske hus tilsvarande tre til fire TWh nyttig varme per år i form av passiv solvarme. Dette svarar til 10-15 prosent av oppvarmingsbehovet.
– Eit aktivt solvarmeanlegg kan dekke 30 prosent av varmebehovet til ein bustad.
– I Noreg varierer solinnstrålinga sterkt med årstida, og det er òg store skilnader mellom nord og sør.
– Den årlege solinnstrålinga i Noreg varierer frå kring 700 kWh/m2 i nord til 1100 kWh/m2 i sør. Dette svarar til 30 – 50 % av innstrålinga ved ekvator.
Kjelde: solenergi.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Energien i solstrålinga over landareala i Noreg er kring 1700 gonger meir enn energiforbruket. Sola er den desidert viktigaste energikjelda vår, og vil vera viktig for å kutta klimautsleppa – som aldri har vore større.

Kristoffer Robin Haug, styremedlem i studentgruppa til Norsk Solenergiforening, Foton, er langt i frå nøgd med styresmaktene si satsing på solenergi.

– Absolutt ikkje. Det held ikkje at styresmaktene seier dei er positive til solenergi og annan fornybar energi – dette har ikkje noko truverde om dei ikkje snart følgjer opp med handling. Me krev auka satsing på solenergi.

Det er særleg innan solvarme Noreg har mest å henta, men også solcelleteknologi kan brukast meir, ifølgje Haug.

– Utvid støtteordningar
Statsforetaket Enova har nokre støtteordningar i dag som støttar inntil 20 prosent av kostnaden for eit solvarmeanlegg, med ei øvre grense på 10.000 kroner.

– Dette bør i første omgang doblast til 40 prosent og 20.000 kroner så ein har høve til å byggje større anlegg som kan gje både varmvatn og golvvarme.

LES OGSÅ: Fritt fram for luftbaronar

– Men det største hindret i dag er at ordninga er søknadsbasert, så ein må sende inn massevis av søknadspapir samstundes som ein er usikker på om ein får pengar tilbake eller ikkje. Me meiner at ein rettigheitsbasert ordning, der alle som byggjer eit solvarmeanlegg får reduksjon i prisen idet dei kjøper anlegget framfor å måtte venta i lange søknadskøar, vil gjera det mykje lettare for folk å velja miljøvennlege løysingar til huset sitt.

Treng forbilde
Solenergibransjen i Noreg er i vekst. Det norske selskapet REC sysselset i dag 3900 personar over heile verda, og fleire andre norske solselskap er i vekst. Men her til lands blir teknologien lite nytta for å dekkja behovet for energi.

LES OGSÅ: – Puslete kamp mot klimakrise

– Utviklinga av solenergi i Noreg er avhengig av å auka kunnskap, forbildeprosjekt som blir løfta fram og solenergiklynger som gjev kunnskapsdeling og vekst, understrekar Kristoffer Robin Haug.

Aktiv forening
I dag har studentgruppa Foton vel 50 studentmedlemmar. Flesteparten har bakgrunn frå fysikk, kjemi, og materialteknologi

– Men me er opne for studentar frå alle fagretningar som er interessert i solenergi, understrekar Haug.

I løpet av året held dei ei rekkje populærvitskapelege føredrag der me inviterer leiande forskarar til å fortelja om dei mest spennande retningane innanfor solenergiforskinga, og dei har bedriftspresentasjonar. I tillegg viser dei filmar, grillar ved hjelp av sola og har workshopar for å byggja solkokarar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE