Aldri har utsleppa vore så store

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Det internasjonale energibyrået (IEA) sine utrekningar, førde ny økonomisk vekst med seg ein auke i CO2-utsleppa på 1,6 gigatonn. Det er den høgaste utsleppsauken på eitt år til no, ifølgje den britiske avisa The Guardian.

– Dette er så dårlege nyhende om utslepp som ein kunne få, seier IEAs sjeføkonom Faith Birol til avisa.

– Det kjem til å bli ekstremt krevjande å halde den globale temperaturauken under 2 grader. Utsiktene blir dårlegare, seier han vidare.

Togradersmålet
Dei fleste forskarane meiner ein temperaturauke på over to grader i forhold til førindustriell tid inneber farlege klimaendringar og meir ekstremvêr.

KOMMENTAR: Klimavalg 2011?

IEA meiner dei årlege energirelaterte utsleppa ikkje bør overstige 32 gigatonn i 2020. I fjor var utsleppa på 30,6 gigatonn, og rundt tre firedeler av auken var i veksande økonomiar. Noreg er mellom dei få i-landa som har ein stor auke, og hadde i fjor dei høgaste CO2-utsleppa nokonsinne.

Åtvarar
Nicholas Stern ved London School of Economics, som har skrive ein viktig rapport om økonomien i samband med klimaendringar, spår alvorlege konsekvensar om ikkje utsleppa blir bremsa.

– Desse tala viser at me er tilbake til «business as usual». Ifølgje utrekningar inneber dette at sjansen for ein temperaturauke på 4 grader innan 2100 er 50 prosent, seier han.

QUIZ: Prøv den store klimaquizen vår!

Ein så sterk auke vil føra til store forstyrringar i liva til hundrevis av millionar av menneske over heile kloden, til store folkeforflytningar og til konflikt, understrekar han.

Kva meiner du må gjerast for å få ned klimautsleppa?