– Me har mykje å lære om gjestfridom

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har mykje å lære om gjest- fridom

6. april var Thea Viktoria Lid (19) tilbake på norsk jord etter seks innhaldsrike månadar fulle av opplevingar ho aldri vil gløyme.

Dette skuleåret har kviteseidjenta studert ved Hald internasjonale senter som har studium i tverrkulturell forståing og internasjonalt arbeid.

Etter ein førebuingsperiode på skulen stod Thea og fleire av dei andre norske elevane klare med kofferten på Kjevik flyplass 6. oktober i fjor haust.

Timar seinare var Noreg langt borte, og Thea tok dei fyrste handtrykka med familien som skulle vere hennar næraste dei komande seks månadane. Ein ny heim, ein ny «mamma» og «pappa» og ikkje minst ein nyfødd «veslebror». Livet fekk nye verdiar, og kvardagen ein annan materiell standard.

– Gillian, Robert og vesle Aron Roy tok i mot meg med opne armar. Dei var så opne og viste varme eg aldri har opplevd før. Det var ingen konfliktar og problem, og når eg nå høyrer at «veslebror» min har fått si fyrste tann, kjenner eg at eg saknar han veldig, seier Thea.

Å finne seg til rette
Thea innrømmer at det var vanskeleg å finne seg til rette og tilpasse seg dei fyrste tri månadane av opphaldet. Rett etter at Thea kom til Kampala, hovudstaden i Uganda, skildra ho seg sjølv som meir enn bare eit menneske med annan hudfarge.

– Eg var ikkje bare kvit, eg var sjølvlysande. Alle såg på deg, ville vere venen din. Dei assosierar kvit med rik. Utan eg veit om det stemmer, vil eg tru at det kanskje er slik ein kjendis har det. Alle vil ha merksemda di, men du veit ikkje kven som er dei ekte venene dine. Det personlege spela liksom ingen rolle, seier Thea.

Ho fortel at alle spurde etter pengar heile tida.

– Det verka som om folk trudde ein var «laga av pengar». Det var vanskeleg å forhalde seg til. Men når ein lærte korleis ein skulle oppføre seg gjekk det betre. Eg fann ut at det var betre å spandere litt mat, enn å gje dei reine pengar. Uganda er eit land med gjennomsnittleg dårleg økonomi. Ein ser ikkje dei store skilnadane på fattig og rik som i til dømes i Kenya, fortel Thea.

Blei raskt sjuke
Maismjøl koka opp med vatn var den vanlegaste retten som kom på bordet i Uganda.

– Men eg fekk nok litt anna mat enn det ein vanlegvis brukar i heimane i Uganda, for kvinna eg budde hos kjem frå Kenya og hadde ein litt annan matkultur. Dei bruka mykje ris, og så laga ho ei slags potetstappe av noko som kunne minne om banan. Dette blei koka opp og stampa. Me fekk i grunn lite kjøtt, men bønner stod også på menyen, seier Thea.

– Me streva mykje med sjukdom under opphaldet. Ein blei raskt sjuk av andre typar bakteriar enn det ein er vand med, fortel Thea.

Ulike oppgåver
Før jol arbeidde Thea i eit barneprosjekt i slummen der dei tok inn barn og unge som var hiv- og aids-smitta eller hadde foreldre med sjukdommen.

– Me reiste på heimebesøk for å sjå korleis dei hadde det, og på laurdagane kom barna til skulen og lærte alt frå tannpuss til engelsk. Eg fekk eit personleg forhold til barneprosjektet, ein ser det nyttar. Når eg fekk jobbe med barneprosjektet såg eg resultat av å gje stønad til fadderordning, skulegang og mat. Det kostar så lite for oss, men betyr så uendeleg mykje for dei, seier Thea.

– Etter jol var eg på universitetet, og bidrog der eg kunne i det kristlege fellesskapet, seier Thea.

– Men når du nemner jol, korleis blei denne jola utan familie og alle dei faste tradisjonane?

– Eg grua meg. Grua til å ikkje ha familien kring meg, ikkje ha snø. Men alle dei femten norske elevane kom saman på joleferie i Mombasa. Det blei nesten som ein ferietur. Me var på stranda, snorkla, vindsurfa og kosa oss. Men det var ikkje lett å finne den rette jolekjensla sjølv om me fekk litt tradisjonar inn, smiler ho.

– På joleftan laga me eit stort bål på stranda, me såg «Tri nøtter til Askepott» på ei datamaskin og drakk kakao. Det gjekk faktisk betre enn eg hadde trudd, meiner ho.

Ikkje landa ennå
Seks månadar med så mange inntrykk krev tid å fordøye.

– Eg trur ikkje eg har landa ennå. Eg er ikkje heilt tilbake i kvardagen. Eg er sikker på at eg har fått andre verdiar, og det å vere gjestfri er viktigare for meg nå mykje på grunn av korleis eg blei tatt i mot der nede, seier ho.

Dei siste vekene har Thea og fire andre elevar frå Hald reist rundt til skulane i Kviteseid for å fortelje om opphaldet og opplevingar frå skuleåret dei snart skal avslutte.

– Me har vore på besøk på Kvitsund og på Kviteseid skule til alle klassetrinna der. Eg trur dei to gutane frå Peru blei veldig populære hos dei yngste elevane, for dei er så flinke til å sjonglere, smiler Thea og blir tankefull.

– Det gjer noko med ein, å sjå ekstrem fattigdom kvar einaste dag. Eg tenkjer i alle fall meir på kva ein brukar pengar på nå, meiner ho.

Thea er sikker på at skuleåret, og ikkje minst opphaldet i Uganda vil vere med å påverke vidare yrkesval.

– Eg har alltid hatt lyst til å jobbe med menneske, men nå har utlandet også blitt eit alternativ. Men det er behov i heimlandet også …

Til hausten går ferda til hovudstaden, og Thea blir student der. Kva faget blir er ennå ikkje avgjort.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Faktaboks

Frå bloggen til Thea:
«Det har verkeleg vore eit år av ei anna verd; eit år der eg har ledd og gråte om kvarandre. På mange måtar det vanskelegaste året i livet mitt, men på same tid det beste. Opplevingane eg har med meg kommer eg til å bære med meg resten av livet, og tinga eg har lært gjer at eg nok aldri blir den same igjen.
Eg har sett meir fattigdom, korrupsjon, urettferdigheit, fortviling, desperasjon og håplause enn nokon gong. Eg har også sett meir glede, varme, openheit, sjenerøsitet, audmjuke, kjærleik og medkjensle enn nokon gong.
Kor eg enn gjekk møtte folk meg med opne armer og takksame hjarter; aldri før har eg kjent meg så heime på ein stad eg aldri før hadde vært. Me nordmenn har verkeleg noko å lære om å vere gjestfrie.
Uganda er eit land av motsetnadar; me har det fint – naboen svoltar. Eg har lært at du ikkje kan hjelpe alle, du kan ikkje forandre verda i dag, men eg har også lært at små ting hjelper og at menneska i Uganda kan har makt over eiga framtid.»

Sjå bloggen hennar her!