Side Brok gir seg

Hiphop-gruppa Side Brok gir ut singelen «Marianne» og varslar at dei legg opp.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bandet skriv i ei pressemelding at dei som ein forsmak på avslutninga no skal gi ut ei slags reggaelåt 1. juni.

– Det er jo sommar og alle er glade. Det er ikkje sikkert at songen kjem på neste plate ein gong. Vi får sjå. Det går uansett eit bel. Sidan plata blir Side Broks fjerde og siste, håper vi å få ho ferdig før sjef Runar fyllar 40 – og det gjer han 21. januar 2012, heiter det i ei pressemelding frå gruppa, først attgjeve hjå MSN.no.

Den nye låta, «Marianne» har beat av Soul Theory, som har jobba med Side Brok fleire gonger før.

Konsertar
Side Brok vil likevel ikkje gi seg heilt etter den kommande plata.

– Konsertar skal det i alle fall bli – og alle held fram med musikk på ulike kantar, skriv bandet. Sidebrok er allereie booka til Jugendfest i Ålesund 19. august.

Hiphop-gruppa kjem frå Hovdebygda i Ørsta på Sunnmøre. Namnet har dei henta frå sunnmørsk slang – side brok tyder «saggebukse».

Faktaboks

Side Brok, hiphop-gruppe frå Ørsta som i 2004 vann to prisar under by:Larm.
Side Brok vart etablert i 2000 av Runar Gudnason (alias Sjef R / Thorstein Hyl III) og Bård Aasen Lødemel (alias Skatebård). I 2001 slutta tre til personar seg til gruppa, sambygdingane Oddgeir Kristensen (alias Odd G) og Knut Petter Sævik (alias Tunk) og Tore Brevik (alias Tore B) frå Ålesund. I dag har gruppa tre faste medlemmer: Gudnason er drivkraft, frontfigur, tekstforfattar og hovudrappar, Lødemel er backup-rappar, og Kristensen har spelt bass og gitar.

Les meir i Allkunne og på sidebrok.no!