Kva er kjærleik?
Skriv om kjærleik – og bli med i utstilling om kjærleik!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Korleis er det å vere forelska? Kva er ekte kjærleik? Har du lese bøker, sett filmar eller høyrt songar om kjærleik som har gjort inntrykk på deg?
Til Dei nynorske festspela 2011 skal det lagast ei utstilling om kjærleik i ungdomslitteraturen. Gjennom utstillinga kjem Aasentunet til å fortelja om korleis forelsking og kjærleik blir framstilt i bøker. For å visa kva ungdommar sjølve tenkjer om kjærleik og forelsking, treng dei hjelp.
Festspela har oppretta ein eigen blogg der du anonymt eller ikkje kan del kjærleiksopplevinga di frå bøker, filmar eller songar!
Kjærleik i fire dagar
23. juni opnar Dei nynorske festspela på Aasentunet og i Ørsta og Volda. Kari Bremnes kjem, Gunnhild Sundli og Sigrid Moldestad for å nemne nokon. Bjørn Sortland er festspeldiktar. Han har skrive mange barne- og ungdomsbøker som har fått bokprisar, og han har skrive fortvilande godt om vaksen kjærleik.