Fryktar stipendkutt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar stipend- kutt

– Å fjerne ordninga kan føre til at folk ikkje tør å velje kunstutdanning på økonomisk grunnlag. Då blir det som i gamle dagar, då berre dei rike hadde høve til å ta kunstutdanning. Der er det eit viktig sosialt aspekt, seier Anne Karine Nymoen, leiar for Norsk studentorganisasjon.

Som nyutdanna kunstnar frå dei største akademia i Noreg får du i dag opptil 120.000 kroner i startkapital frå staten. Men i forrige veke melde kulturminister Anniken Huitfeldt at ho ville ha slutt på ordninga.

– Vi veit at dei vil erstatte det automatiske stipendet med ein søknadsbasert ordning, men det er ikkje klart om det blir eit stipend berre for studentar. Departementet har vore veldig vage med omsyn til det, seier Nymoen.

Urettferdig
Nesten 16 millionar kroner går årleg til nyutdanna kunstnarar, men ifølgje kulturministeren er problemet at pengane per i dag ikkje når ut til alle.

– Det har kome mange reaksjonar frå andre utdanningar som synest det er urettferdig at det berre er nokre som skal få stipendet. Sånn som det er no, er ikkje alle inkludert i ordninga, seier Anniken Huitfeldt til Universitas.

Ho poengterer at fleire av dei som mottek stipendet endar opp med å ikkje bli kunstnarar.

– Hensikten med stipendet er at det skal vere lettare å etablere seg som kunstnar, men eg synest ikkje det er rettferdig at ein nyutdanna kunstnar skal få opp mot 120.000 kroner etter studia, for så å gå rett inn i fast jobb til dømes i reklamebransjen, seier ho.

Kulturministeren har ingen klar plan om korleis stipendet heller bør fordelast.

– Vi har diskutert mange ulike modellar, men har ikkje konkludert med noko enno.

Forstår ikkje
På Stenersenmuseet i Vika held masterstudentane ved Kunstakademiet i desse dagane avgangsutstilling. Dei skal snart ta steget ut i arbeidslivet og er glade for å ha etableringsstipendet i ryggen. Dei stiller seg uforståande til forslaget.

– Motivasjonen er på topp når ein er ferdig med utdanninga, og om ein då skal sitja og vente på neste søknadsfrist og kanskje ikkje kvalifisere seg til støtte, vil det vere utruleg demotiverande, seier kunststudent Cecilie Bjørgås Jordheim.

Medstudent Heidi Kårtveit er òg klar på at stipendet er uunnværleg, og har ikkje mykje til overs for Huitfeldts argument.

– Alle som startar på ei master i kunstutdanning har valt dette yrket. Det er ikkje alle som fortset som utøvande kunstnarar, men dei kan jobbe med kunst på andre måtar, seier Kårtveit.

– Rar løysing
NSO-leiar Nymoen er samd.

– Mange kan i periodar vere nøydt for å ha andre yrker ved sida av, men dei som tek utdanninga ynskjer jo å bli kunstnarar. Viss det er argumentet, er det i så fall ei rar løysing dei har kome opp med. Å fjerne stipendet hevar terskelen for å faktisk bli kunstnar ytterlegare, seier ho.

Forslaget skal sendast ut på høyring før ei endeleg endring vil kome på plass.

– Departementet har varsla at dette vil få konsekvensar allereie for dei som blir teke opp til hausten, så det hastar å få ei avklaring. Det blir ei uforutsigbar framtid for dei, seier Nymoen.

LES SAKA I UNIVERSITAS!