Kraftig oppgang i klimautsleppa i Noreg.

mm

Dei norske klimagassutsleppa auka igjen i 2010, etter to år med nedgang. Totalt var utsleppa på 53,7 millionar tonn CO2 -ekvivalentar. Det er 4,8 prosent meir enn året før. Auka metallproduksjon og meir transport har bidrege mest til oppgangen, viser nye tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Dei samla norske klimagassutsleppa var 2,5 millionar tonn høgare i 2010 enn året før. Den kraftige oppgangen må sjåast i samanheng med utsleppsreduksjonane som følgje av finanskrisa i 2008 og 2009. Auka økonomisk aktivitet i 2010 bidrog til høgare utslepp frå industri og transport. I tillegg førte ein kald vinter med høge straumpriser til større utslepp frå fyring enn året før. Utsleppa frå jordbruk og olje- og gassnæringa endra seg lite frå 2009 til 2010.

Kraftig auke i utsleppa frå metallindustrien
Dei samla klimagassutsleppa frå industri og bergverk var drygt 0,6 millionar tonn, eller 5,4 prosent høgare i 2010 enn året før. Det er likevel 7 millionar tonn lågare enn i 1990. Utsleppa frå desse næringane har hatt ein trend som går nedover dei siste 20 åra. I 2008 og 2009 fall likevel utslippa kraftig, hovudsakleg som ei følgje av finanskrisa og svak vareetterspurnad i kjølvatnet av denne.

Sidan hausten 2009 har etterspurnaden betra seg både heime og ute, og ført til auka produksjon for mange industrinæringar. Dette har igjen ført med seg auka klimagassutslepp, spesielt frå produksjon av ferrolegeringar. Produksjon av ferrolegeringar gjev utslepp av CO2 når karbonhaldige produkt som kol og koks blir nytta som reduksjonsmiddel.

Utsleppa frå vegtrafikken aukar igjen
Klimagassutsleppa frå vegtrafikken auka med 3,5 prosent i 2010, til 10,1 millionar tonn. Utsleppa frå vegtrafikken har auka med drygt 30 prosent sidan 1990, men fall i 2008 og 2009. Det var særleg godstransporten som fekk merke uroa i finansmarknaden. Oppgangen i klimagassutslepp for all vegtrafikk i 2010 har tatt utsleppa nesten tilbake til nivået før 2008. Meir energieffektive kjøretøy, overgang frå bensin til diesel og innblanding av biodrivstoff har bidrege til å dempe veksten noko.

Utsleppa frå flytrafikk og sjøfart auka òg kraftig i 2010.

Nytt kraftvarmeverk bidrog til auka utslepp
Klimagassutsleppa frå energiforsyning auka kraftig i 2009 på grunn av høg aktivitet ved gasskraftverket på Kårstø. I 2010 gjekk utsleppa ytterlegare opp etter opninga av det nye kraftvarmeverket på Mongstad. Kraftverket leverer i hovudsak elektrisitet og varme til raffineriet på Mongstad. Etableringa av gasskraftverk og fjernvarmeanlegg har ført til at utsleppa frå energiforsyning var meir enn seks gonger så høge i 2010 enn i 1990.

Høgaste nokon gong
Medan dei samla klimagassutsleppa har auka med 8 prosent sidan 1990, har utsleppa av CO2 auka med drygt 30 prosent. Den kraftige veksten i olje- og gassproduksjonen på 90-talet har vore viktigaste årsaka til oppgangen i CO2 -utsleppa. I 2010 auka utsleppa av denne gassen med 2,6 millionar tonn, til 45,4 millionar tonn. Det er det høgaste utsleppa av CO2 sidan målingane starta i 1973.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE